mai 5th, 2007

I og med at det ikkje er alt for lenge att til bursdagen min, har eg oppdatert ønskelista i margen. (jepp, det var eit dårleg skjult hint)

Posted in Ukategorisert | 1 Comment »
september 1st, 2006

Det har allereie vorte september. Sommaren gjekk raskt i år òg. Men eg er heldigvis litt haustmenneske, så eg gler meg til haustfargane, dei klåre haustdagane og stormane som gjer det godt å vere inne.

Posted in Ukategorisert | 1 Comment »
juni 14th, 2006

I lista over bloggarar har eg i dag lagt til eit nytt bidrag; Kristin. Ei særs god venninne som eg har mykje å takka for. Mellom anna er ho skuld i at eg har eit kjærleiksforhald til ein bil, av alle ting. Og ho har ein herleg tendens til å vere tilstades anten fysisk eller psykisk når eg treng ho. Takk for du, Kikka!

Posted in Ukategorisert | No Comments »
juni 2nd, 2006

29 år for fyrste gong!

Posted in Ukategorisert | 3 Comments »
januar 10th, 2006

Med den tidlegare nevnte bærbare datamaskina, fekk eg ein 3månaders lisens på programmet Norton Internet Security. Jaja, tenkte eg, eg kunne jo alltids installera Norton fram til eg fekk lasta ned nok ein versjon av F-secure som eg nyttar på den stasjonære maskina.

Etter mykje plunder, fann eg ut at eg måtte installera F-secure allereie same kveld som eg hadde fått maskina i hus, for Norton var særs lite brukarvenleg i mine auge, og det var då det verkelege strevet byrja, for Norton ville ikkje la seg avinstallera heilt utan vidare … Programmet var ikkje synleg i “Legg til/fjern programmer”, Bluecom kunne heller ikkje avinstallera programmet, det fanst ingen menyval for avinstallering i Nortonmappa, og eg vart meir og meir frustrert. Men; eg var sjølvsagt ikkje den fyrste personen i verda med dette problemet, eg googla på “avinstallere Norton”, og fann redninga på denne sida. Det beste rådet eg kan gje til andre, er å ikkje installera Norton med mindre du er heilt sikker på at det er det programmet du ynskjer å nytta …

Posted in Ukategorisert | No Comments »
januar 9th, 2006

Endeleg fekk eg min lenge etterlengta bærbare pc i hus. Det er noko eg har spara til og sett fram til leeeenge, så no er eg lykkeleg! :)

Posted in Ukategorisert | 1 Comment »
januar 3rd, 2006

Godt nytt år alle saman, og takk for det gamle!
Her er Hulda og Even med ein syngande snømann dei fekk i julegåve.

Nyårshelga har vore hektisk, men triveleg med feiring av 3- og 7-årsdag.

Helser til alle som hugsa oss med jule- og bursdagsgåver! Posted by Picasa

Posted in Ukategorisert | No Comments »
januar 3rd, 2006

Godt nytt år alle saman, og takk for det gamle!
Her er Hulda og Even med ein syngande snømann dei fekk i julegåve.

Nyårshelga har vore hektisk, men triveleg med feiring av 3- og 7-årsdag.

Helser til alle som hugsa oss med jule- og bursdagsgåver! Posted by Picasa

Posted in Ukategorisert | 3 Comments »
november 27th, 2005

Det finnast ikkje noko verre enn tannverk!Det heile byrja onsdag kveld (det vil seie, det byrja vel tidlegare, for eg har trass alt kjent det ei stund …), og torsdag hadde eg så vondt i underkjeven på venstre side at eg trudde eg skulle døy. Vegleiaren min på praksisplassen fekk meg til å ringa til ulike tannlegar på levanger, og hjå den tredje fekk eg napp, og time fredag klokka 10:30.

Då tannlegen hadde bora og kika og pirka i tanna mi og teke røntgenbilete, fann han ut at det var ei gamal rotfylling som var problemet. Det er verk under den tanna, og i fyrste omgang fekk eg penicillin og paralgin forte. Så i dag ser eg … eh … interessant(?) ut, med ei hoven venstre side av andletet, men det er mindre smertefullt, og eg gler meg til neste tannlegetime.

  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper