august 11th, 2008

Her er eit knippe ferieminne frå veka i Jøssund i Flatanger:

Even har underhaldning i ein traktor!
Og Tor Inge har underhaldning i GPSen sin. ;)

Sjølvportrett!

Blankare vert det nesten ikkje …
Men attom oss ligg styggveret!

Båtførar med navigatør(ar).
Rekeaften. Det låg rekebåt ved kai i Lauvsnes då vi var der på handletur, og desse rekene var kjempegode!

I Sætervika på dagstur

I Sætervika låg båten Christoff som leikebåt for ungane.

Nokon har dekorert ein vegg med minne.

Flotte sandstrender nær Sætervika.

Denne kroken hadde Tor Inge klokkartru på. Innkjøpt i Sætervika, og skulle gje storfisk i Jøssundfjorden. Det einaste som beit på var denne flyndra.

Berga i Jøssundfjorden er mektige. Og dei går 100 m rett ned under vatnet òg!

Ein liten fiskarmann.

Vi køyrer mot kaia i Jøssund.

Ungane skulle testa flytevestane i kulpen nedanfor fossen.

Vatnet har danna ei hjarteform på berget.

Posted in bloggings | 2 Comments »
august 3rd, 2008

Laurdag var vi på blåbertur. Vi var heldige og fann mykje ber like ved vegen. Veret var bra, og det vart ein flott tur, sjølv om ikkje alle hadde bøtta full:

Skogens konge såg vi òg. Eller iallfall ein som trudde han var det:

Spisepause med brødskiver, saft og kaffi:

Ikkje minst vart det godt resultat, med til saman omlag 25 liter ferdig reinska ber!

Posted in bloggings | 2 Comments »
juli 26th, 2008

Torsdag sendte vi ungane til skogs. Eller, det er ikkje heilt sant. Dei sendte seg sjølv. Dei hadde prata om å ligge i telt ved Leklemsvatnet, som er denne perla her:

Torsdag kveld vart vi med dei oppover og sette opp teltet, og eg trur ungane storkoste seg. Då eg kom fredag morgon i halv ti tida, såg det rimeleg rolig ut:

Då dei hadde vakna, vart det grilling og morgonbad:

Sjølv nytta eg høvet til å plukka blåbær og gå på fotosafari

Ungane kom heim att heilt av seg sjølve klokka 13:30 fredag, fornøgde med overnattingsturen.

Posted in bloggings | 4 Comments »
juni 30th, 2008

Heimturen til dei store ungane vart slitsam i dag. Då dei nesten var heime måtte dei over i buss for dinest å hoppa på toget att grunna (nok eit) sprengingsuhell.

Det var godt å sjå dei att, og merkeleg å tenkje på at dei verkeleg er så store at dei kan ta ein slik tur åleine.

Posted in bloggings | 2 Comments »
juni 26th, 2008

Tre store ungar reiste med toget i dag. Hulda (9), Linn-Therese (11 til hausten) og Thomas (13) tek toget frå Verdal til Mo i Rana heilt åleine! På Mo skal dei møta tante Ingvild som skal følgja dei heilt fram til Lovund, og så skal dei vere der til måndag før det vert same tur attende.

Eg trur faktisk at eg hadde meir reisefeber enn ungane, og det var veldig rart å stå på perrongen og sjå toget forsvinna …

Posted in bloggings | 1 Comment »
juni 23rd, 2008

vesker, så ikkje Betty trur det har rabla heilt for meg, ville eg berre visa dykk nokre glimt frå hytteturen vi var på i helga.

Vi leigde idylliske Lustadstua i Ogndal i Steinkjer frå fredag til sundag. Her er det ikkje innlagt vatn, og straumen solcellepanelet genererer er eigentleg ikkje meir enn til det absolutt naudsynte. Ordentleg hytte, med andre ord: Vatn smakar nydeleg frå ei slik ause. Bringer fram barndomsminne i fleng! Vatnet varmast på omnen.

Tor Inge og jentungene er ute og fiskar på laurdagsmorgonen, før frukost!

Noko av fangsten, i alt fekk me 22 aurer. Den største var ca eit halvt kilo!

Laurdag fekk me besøk av Redningsmannen (les: Besten / Oddvar) med gåver. De skjønar, eg hadde jo pakka ned kaffi, meeeen det var kanhenda ikkje så smart å pakka med filterkaffi? Men kaffien smakte jo enno betre når eg måtte venta ei stund på han. Dessutan smakar kokekaffi kjempegodt på tur! :)

Andre glimt frå helga:

Posted in bloggings | 2 Comments »
mars 28th, 2008

baal I går ettermiddag var me på tur ved Marka skistadion i Leksdal med klassen til Hulda med foreldre og sysken. Hulda, Even og eg kom dit fyrst, og fekk fyra opp bålet. Det var flott ver, men då sola forsvann vart det kaldt for oss vaksne. Ungane derimot heldt varmen, så klokka hadde passert 19 før vi sette kursen heimover.

Personleg er eg litt overraska over min eigen glede over å vere ute i friluft. Ikkje berre gjer eg det for ungane sin del, men eg synast faktisk det er artig sjølv og.

Takk til alle ungar og vaksne for ein flott tur!

Posted in bloggings | 3 Comments »
mars 24th, 2008

Glimt frå dei to siste dagane av påska:


Sjølv eg går på ski! Bilen er parkert om lag 100 meter bak det huset de ser. Totalt var det kan henda 750 meter å gå frå bilen. Ikkje så langt kanskje, men langt nok for Even som ikkje har villa gå på ski før no. Men no vart det endeleg. Det er noko med det å avgjera det sjølv …

Posted in bloggings | 4 Comments »
mars 21st, 2008

Endeleg har eg og påskeferie! No har eg fri heilt til tysdag, og det er herleg.

Påska starta forresten bra, måndag fekk eg hemmeleg ven-gåve som eg trur er frå Embla på Hobbyforum. Sjå alt det lekre eg fekk! Den vesle toalettmappa er heimesydd. Flott handtverk. Eg vart kjempeglad! Tusen, tusen takk.

I går hadde eg ein fridag, og då var vi på Leksdal il sin skistadion. Det var litt kald vind, men det var sol, så vi fyra bål og grilla og storkosa oss.

I går ettermiddag vart eg forresten ferdig med Spidey-lua (ravelry-link)til Even. Bilete-kvaliteten kunne ha vore betre, men dette er det eg har nett no. Guten vart nøgd, og det er nok for meg.

Ha ei riktig god påske alle saman!

Posted in bloggings | 5 Comments »
oktober 9th, 2007

Even og fire andre av dei eldste i barnehagen skal på hyttetur i Vera og liggje over ei natt. Even var oppsatt på å ha med seg fiskestanga, så her ser de han klar for tur; sekken på ryggen, sovepose i ei hand og fiskestanga i den andre. :)

Posted in bloggings | 3 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper