Posts Tagged ‘strikking’

Tova veske/felted handbag

Saturday, April 5th, 2008

Eg er ferdig med april-prosjektet i A loose knit group, og er ganske fornøgd med resultatet. Mønsteret vart til ut frå mitt eiget hovud.

I’ve finished the April-project in A loose knit group and I’m quite happy about it. I made up the pattern while knitting. This handbag is for the gift basket, but not for christmas, but for a birthday.

Til redaksjonen i bladet Familien.

Tuesday, April 1st, 2008

(E-post sendt til sjefsredaktør Ivar Moe, redaksjonssjef Espen Selmer-Torgersen og journalist Gro Sandvik i Familien)

Eg er den lykkelege eigar av mange nummer av bladet Familien, nokre har eg arva etter mi mor, og seinare har eg sjølv byrja å abonnera. I dag tenkte eg å ta for meg den store haugen med blad eg har hatt liggande, slik at eg kunne organisera oppskriftene i ein perm.

33 blad hadde eg vore igjennom, og eg var rett så fornøgd. Kvar midtdel vart nappa ut, lagt i plastlomme og sett i perm. Slik kan eg på den eine sida sjå innhald i kvar del, og på baksida finn eg “Torhilds lune hjørne”. Oversiktleg og greit!

… heilt fram til nummer 24/2007. Frå og med dette bladet er det ikkje lenger mogleg å nappa ut og laga oversyn slik eg har gjort tidlegare. Eg må difor øydelegge bladet, med evt å riva av framsida, slik at eg får eit visst oversyn. Skilnaden mellom arka i permen er gedigen, og eg er skuffa.

Kan eg få attende det gamle systemet som var så briljant? Ver så snill? Så kan eit stakkars rotehue få ei kjensle av at ho iallfall held oversyn over _noko_ i verda ..?

Med venleg helsing
Monica Gausen

Spidey mittens

Saturday, March 29th, 2008

Har strikka Spidey-vottar som passa til lua. Mønsteret fann eg her og garnet eg har nytta er Falk frå Dalegarn (same som på lua) og pinnar nr 2,75. Totalt brukte eg litt over eitt nøste raudt garn, men ikkje eit fullt nøste av korkje svart eller blått garn.

Håpar guten vert fornøgd når han kjem opp i morgon og ser desse!

I have knitted the “we call him spidey”-mittens from Kathleen Taylor’s freebies. I used needles UK size 2,75 and the yarn Falk from Dalegarn. Total amount of yarn used for both hat and mittens is no more than three skeins. (But I needed a little more than 1 skein of red, though)

Selbusokkar / Selbu-socks

Wednesday, March 12th, 2008

I går vart eg ferdig med Selbu-sokkane til Hulda. Det var eigentleg ganske spennande å strikke sokkar når det var med mønster, så dette vert kanskje ikkje det siste paret?

Yesterday I finished these socks with Selbu-pattern for my daughter. March project in “Loose knit group” was socks, and I’ve always said I don’t like knitting socks, but I actually liked it a lot better with this pattern. Maybe these will not be the only pair I make? :)

Selbusokk på pinnane

Thursday, March 6th, 2008

Eg skal på kveldsvakt i dag, og har åtvara mannen om at det ikkje vert gjort noko husarbeid i dag. Eg er LAT! Og tek meg lov til å vere det. I staden for å gjere noko fornuftig, sit eg krølla opp i sofakroken med dette: Mitt fyrste forsøk på selbusokkar. Naturlegvis hadde eg ikkje garnet som eigentleg stod i oppskrifta, men eg fann ut at dette var eit flott høve til å bruka litt av det utgamle Mor Aase-garnet mitt. Det er ull og akryl, og har vel ikkje vore i handelen på ganske mange år … Men det ser ut til å vere eit godt sokkegarn.

Elles har eg endeleg fått ferdig desse vottane som eg starta på i fjor. Dei har mangla knapp og heklekant, så ein kveld tok eg mot til meg og gjorde eit forsøk på hekling, og det vart då sanneleg ikkje så verst. Knappane fekk eg frå Sipusa i Hemmelig Sommervenn. :)

I går orka eg forresten heller ikkje å gjere noko fornuftig, så då laga eg klubb og duppe, for då vert mannen så lykkeleg at han ikkje tenkjer eit sekund på at det er det einaste eg har gjort den dagen.

Gratis mønster / free patterns

Wednesday, March 5th, 2008

denne sida ligg det massevis av gratis strikkemønster. Sjølv vart eg mest imponert over alle vottane.

On this page you find lots of free knitting patterns. I especially enjoyed the page with mittens. Enjoy!

Nattsokkar/Night socks

Monday, March 3rd, 2008

Eg er alltid kald på føtene om natta, så no har eg strikka meg nattsokkar i Sandnes alpakka!

I always have really cold feet at night, so now I’ve finally knitted a pair of “night-socks” in soft, lovely alpacca yarn.Goodbye to cold feet! Since I actually hate knitting socs, it fits me perfect that march is socks month in A loose knit group. I’ve actually finished my march project already. Wonder what April will bring. :)

Meir nytt

Saturday, February 23rd, 2008

Hugsar de halsvarmaren eg strikka til meg sjølv? Den som Even stakk av med? Iallfall, eg har strikka ein til Even òg, med utgangspunkt i same oppskrift. Strikka i Sandnes Alpakka. Eit lite tips får de med på kjøpet; eg strikka denne på vranga slik at eg kunne unngå så mange vrange masker. ;)

Remember the neck-warmer I tried to make for me, but my son took off with it? I’ve made him one too now, from the same pattern, knitted in Alpakka from Sandnes.

To baggy luer / 2 baggy hats

Thursday, February 21st, 2008

Har strikka to baggy luer som skal få nye eigarar i dag. Hulda og ein ballong står modell…

Two baggy hats that I’ll give away today. My daughter is modelling with a balloon. These are my contribution (so far) for Loose Knit Group february.

Eit par til -Another pair

Tuesday, February 19th, 2008

Dei fyrste “moltevottane” vart ganske små, så eg har strikka eit par til, litt større denne gong.

Er like nøgd med desse som med dei førre, og kven som skal ha dei er allereie avgjort.

The first pair of flower mittens were quite small, so I made a larger pair. It’s a present, by the way …