Posts Tagged ‘skule’

Dagen i dag er byrjinga på morgondagen

Sunday, March 25th, 2007

Som student i psykisk helsevern fekk eg torsdag høve til å vere med på eit seminar i Trondheim. Tittelen var “Dagen i dag er byrjinga på morgondagen”, og føredragshaldar var Arnhild Lauveng, forfattar og psykolog. Lauveng har mellom anna skrive boka “I morgen var jeg alltid en løve” som er ein sterk sjølvbiografi om korleis ho sjølv opplevde det å vere psykisk sjuk.

I føredraget hadde Lauveng fokus på korleis vi behandlar psykisk sjuke menneske, at vi ofte behandlar dei som diagnoser i staden for som menneske, og med mange gode eksempel kjente eg at ho iallfall tok meg på kornet, og truleg mange andre i salen òg. Og eg veit at mitt neste leseprosjekt (kanhenda det vert etter bacheloroppgåva) vert Lauvengs andre bok; “Unyttig som en rose”.

Og for dei av dykk som ikkje har lese “I morgen var jeg alltid en løve”: Gjer det!

Ut i praksis att

Sunday, September 10th, 2006

I morgon byrjar eg i praksis att. Dette skuleåret er 70% av tida vår tid me nyttar  ute i praksis. Eg er ikkje sikker på om eg gler meg eller gruar meg, men spennande vert det heilt sikkert.  Fyrste praksis er fram til 20. oktober, og etter det er det ei etterarbeidsveke på skulen før neste praksisperiode tek til. Eitt eller anna seier meg at eg kjem til å vera glad når eg får juleferie …

Skrytepost

Friday, June 30th, 2006

I går fekk eg eksamensresultatet, og denne gongen er eg nøgd. Eg fekk B. :) Snittkarakteren i år var D, så det tyder vel at oppgåva mi var god. 2 personar hadde fått A og 19 hadde fått B. Litt interessant er det jo at av dei eg har prata med, er det vi med ein del ungar som har fått dei beste karakterane. Kanhenda er me meir strukturerte enn mange andre? Eller berre meir ærgjerrige? Vel, så lenge det funkar og gjev gode resultat, er eg nøgd.

Eksamen er levert

Thursday, June 8th, 2006

No har eg endeleg levert heimeeksamen! Kvar på ni i dag ga eg frå meg papira, og det kjennast godt. No er det berre å vente i tre veker på resultaten. Men frå og med i dag har eg faktisk SOMMARFERIE, og det er ei herleg kjensle. Eg skal lese mykje anna enn fag og slappe av og kvila meg opp til hausten, for då treng eg vel krefter til å byrja på det siste året i utdaninga.

Takk for alle gratulasjonar og gåver på bursdagen, det vart sett pris på sjølv om eg ikkje har gjeve lyd fra meg.

Travle dagar

Friday, April 7th, 2006

No er eg attende i sjukehuspraksis att, etter nokre veker på skulen. Denne praksisen varer til slutten av mai, og rett etterpå er det eksamen. Må innrømma at det er slitsamt med praksis, loggar, oppgåver og så vidare. Du er ikkje på arbeid når du er i praksis. Du veit at kvar minste ting du gjer skal vurderast av fagpersonell rundt deg, sånår vakta er ferdig, er hovudet ofte tomt. :)

No har me påskeferie. Det vil seie, eg skal ha den obligatoriske studentnattevakta mi frå sundag til måndag, men etter det, erdet avslapping på høgt plan! Det ser eg verkeleg fram til.

Endeleg på nett!!

Saturday, March 25th, 2006

Då eg flytta,vart eg plutseleg utan breiband. Min tidlegare leverandør Bluecom kunne ikkje levera dit eg flytta, og då byrja panikken.

Etter mykje om og men, fann eg fram til ein leverandør, Tafjord Mimer (TM). Dei var særs hjelpsame, og onsdag denne veka dukka det opp to(!) møntørar som ordna breibandslina mi. Diverre hadde TM gløymd å senda meg ruter, men då eg sendte dei e-post om dette, sendte dei ruteren som bedriftspakke over natta. Torsdag dukka ruteren opp heime hjå meg, ei særs flott teknisk innretning som i tillegg til å vera eit modem òg skulle fungera som ein ruter for trådlaus tilknytting og IP-telefoni. Dette hadde jo vore ein genial måte å bli kvitthundrevis av ledningar på. Dersom den hadde virka som han skulle då, men det gjorde den jo ikkje. Etter mange,mange timar på telefon med TM både torsdag og fredag, vart løysinga til sist at dei skulle senda meg eit godt gamalt Zyxel-modem i staden, og det modemet vart levert på døra mi i dag. Så eg må innrømma at trass i nokre problem, er TM iallfall kjempeflinke til å finna raske løysingar når noko går gale. :)

Medisinsk praksis

Friday, January 27th, 2006

No har eg vore åtte veker i medisinsk praksis, og er ferdig med den biten av sjukepleiestudiet. Det har gått raskt, trass i at eg undervegs ikkje såg noko ende på det …
Det har vore åtte spennande, interessante, utviklande og slitsame veker. Sjukepleiefagleg har eg utvikla meg enormt, men eg skal innrømma at eg har lært mykje om meg sjølv som person òg, og det er spennande, det! Eg har møtt mange, mange menneske med mange ulike lagnader, og det har rørt ved meg, både på godt og vondt.

Eitt veit eg etter desse åtte vekene; eg har funne ut kva eg skal bli når eg vert stor.

Praksis på sjukehus

Friday, December 2nd, 2005

No har eg vore i sjukehuspraksis i to veker, og eg stortrivast! Eg er på hjarteavdelinga på Medisin B, og kvar dag er like spennande og interessant. Eg byrjar få taket på puls, blodtrykk og temperaturmålingar, eg kan samtala med pasientane utan å vere redd for å seie dumme eller gale ting, og eg er ganske godt kjent i avdelinga no. Frametter vert det mykje oppgaveskriving og slikt, men me er heldige og får juleferie allereie 16. desember.

Spennande tider

Wednesday, November 16th, 2005

No går eg spennande tider i møte. Neste veke byrjar min fyrste sjukehuspraksis, og eg har ikkje peiling på kva eg går til. Det er stort og skremmande med mange utfordringar, som til dømes korleis ein skal rekka over alt, korleis turnusen min vert oppsett, korleis me studentar vert mottekne i avdelinga, og sist men ikkje minst: Greier eg dette? Har eg det som skal til for å vera ein god sjukepleiar? Eg er spent, særs spent. Men eg gler meg litt òg då. :)