I dag kom resultatet av bacheloroppgåva, og eg fekk B, så eg må nok seie meg nøgd.
No er tre års høgskule endeleg avslutta, og eg er sjukepleiar heilt på ordentleg.
Velkommen!
Legg gjerne att ein kommentar når du er innom!
I dag kom resultatet av bacheloroppgåva, og eg fekk B, så eg må nok seie meg nøgd.
No er tre års høgskule endeleg avslutta, og eg er sjukepleiar heilt på ordentleg.
I går leverte eg bacheloroppgåva mi, og er endeleg ferdig. Det har vore eit slit dei siste vekene, men no er det faktisk gjort. Og om tre veker håpar eg at eg kan kalla meg sjukepleiar. ![]()
Eg var til vegleiing torsdag, og vegleiaren var ikkje heilt fornøgd med oppgåva. Ein del av drøftinga likna særs lite på drøfting, så det har eg prøvd å gjere noko med no.
No er eg meir attende til den vanlege kjensla eg plar ha ved innleveringar; eg har ikkje peiling på om oppgåva er god eller dårleg, eg veit berre at ho snart er ferdig …
… på oppgåva. Det er ei veke og ein dag att til innleveringsdato, og i morgon skal eg på mi siste vegleiing. Eg håpar at vegleiar er samd med meg i at oppgåva ser (så godt som) ferdig ut. I så fall er det fint lite att å gjere, og det tyder at eg kanskje kan levera _før_ den 31. mai, noko som er ein fordel med tanke på stress og kø og mas dei siste dagane.
*krysse fingrar og tær*
Chryslern kom heim att før helga, men trur du han hadde funne ut av motorproblema då? Nei, bilen hadde oppførd seg eksemplarisk kvar gong verkstadmannen hadde brukt han, men det vart nokre nye opphengskuler og bytting av styrestag eller noko sånt, og han vart litt tettare i styringa att. Ikkje rart ting rister laus når vi har nesten ein kilometer med dårleg vedlikehaldt kommunal grusveg … Forresten har ikkje bilen vist teikn til åtferdsproblema sine att enno heller, så eg krysser fingrar.
I dag har eg vore på fagkonferanse i samband med sjukepleiardagen som var på laurdag. Godt å gjere noko anna enn å skriva bacheloroppgåve òg, og det var både artig og nyttig å vere på konferansen, så det var fornuftig tidsbruk, har eg funne ut.
I ettermiddag fekk eg endeleg lagt opp bunaden til Hulda, så snart kan17. mai berre koma.
Eg trudde eg hadde kome langt i oppgåva mi, då eg plutseleg oppdaga at det eg hadde gjort var direkte feil! Det eg trudde var drøfting, var slett ikkje det, det skulle inn i teorikapittelet, og det eg hadde skrive i teorikapittelet, høyrde ikkje heime nokon stad. Så då var det berre å fjerna ein 2-3000 ord, og byrja om att. *sukk*
Men det eg sletta frå oppgåva, er framleis lagra i tilfelle eg skal få bruk for det ein eller annan stad. Om ikkje anna lærte eg sikkert meir på det å skriva litt ekstra …
I desse dagar skal det skrivast bacheloroppgåva. Eg synast eg tenkjer på oppgåva heile tida, men det er vanskeleg å samanfatta alt og få det ned på data. Eg har til no stort sett ferdigstilt dei to fyrste kapitla; innleiinga og metode-kapittelet. Innleiinga må sjølvsagt reviderast etter kvart, men i grove trekk har eg avgjort innhaldet iallfall. Så no er det berre det verste att; teorigrunnlaget, drøftinga og avslutninga.
Oppgåva skal leverast 31. mai, og, tru meg, det er ikkje så lenge til. Måndag skal eg på vegleiing, så vi får sjå om eg har vorte klokare etter det.
*attende til skrivinga*
(PS: Dersom eg framleis har vener og familie trass i grov vanskjøtsel i laupet av 3 år på skulen: Eg vil gjerne prata med dykk og sjå dykk att etter 31. mai ..!)
I dag har eg vore på mitt fyrste jobbintervju nokon sinne. Eg har søkt på stilling som sjukepleiar i Levanger kommune, og kom gjennom nålauget til intervjuet. Eg veit ikkje korleis det gjekk, men i følge intervjuarane (dei var tre!) hadde eg visst klart meg ganske bra. Men eg er usikker påom eg får stillinga, for det var mange godt kvalifiserte søkarar til ho. Vi krysser fingrar!
No er eg ferdig med min siste praksis! Hadde sluttevaluering i dag, og dette var faktisk den siste praksisen i heile studiet. Det einaste som står att no, er ein oppgåve relatert til psykiatrien, 4 dagar på skulen og dinest intensiv skriving av bacheloroppgåve.
Eg gler meg eigentleg til å skriva bacheloroppgåva, men samstundes er eg litt nervøs, for eg veit jo ikkje heilt kva som må til for å få den karakteren eg vil ha. Men det er vel berre å brette opp armane og setja i gong. 31. mai er innleveringsdatoen, og etter det skal eg freista finna ut om det er eit liv utanfor HiNT.
Av ein eller annan årsak, gjekk eg i fleire dagar i dei to føregåande vekene og tenkte på Kirsti, som eg budde i kollektiv i lag med for ti år sidan. Eg undra meg litt over kvifor i all verda ho tok så mykje plass i hovudet mitt, men då eg var på seminar fekk eg det eg meiner eg forklaringa, for der, mellom eit par hundre menneske, såg eg plutseleg nettopp Kirsti. Vi fekk oss ein god lunsj i lag, og det var artig å møta att eit menneske som tydde så mykje for meg då me budde i lag.