Posts Tagged ‘reico’

Den uheldige hunden

Thursday, August 14th, 2008

Tor Inge byrja etter ferien med å gå overtid på det fyrste kvelddskiftet. Med andre ord var han ikkje heime før i fire tida på natta eller noko slikt. Iallfall sov eg tungt då han kom inn og vekte meg, og eg forstod ekstremt lite då han sto der, fullt påkledd og eigentleg ganske oppkava og sa noko om at eg måtte hjelpa han med Reico (altså hunden) og ein fiskekrok.

Hjernen min gjekk på høggir medan eg sette meg opp i senga, men det heile gjekk ikkje opp for meg før hunden kom tuslande inn på soverommet med senka hovud og denne i munnen:

Han hadde fått fatt på ein fiskekrok (som hadde lege oppå frysaren i utgangspunktet), og fått seg sjølv på kroken. Den sat godt fast i underleppa hans. Så, vi kasta oss over oppgåva, eg sendte mannen ned for å henta tang til å klippe mothaker med, og prøvde sjølv å få hunden til å slutte å prøve å fjerna kroken på eiga hand. Meeeen, no er jo ikkje Reico den mest samarbeidsvillige  hunden i verda,  som eg har nevnt tidlegare. Han er veldig pysete på alt som gjer vondt, og han kan ikkje fordra at ein held han fast. Så, for å gjere ei lang soge kort; etter nokre forsøk ringte vi dyrlegevakta.

Ei trøytt veterinærdame møtte oss på dyreklinikken klokka fem om morgonen. Det var trøyst for meg å sjå at det var fleire som ikkje syntest det var det artigaste i verda å bli vekka midt på natta på grunn av ein fisk hund med krok i munnen.

Som hundeeigarar kjenner ein seg ikkje så smarte når ein står der med ein hund på kroken, men då dyrlegen hadde gjeve Reico sprøyta med sedering og vi venta på verknaden, løyste ho opp det meste av stemninga med å seie tørt: “Og når de er ferdige med fiskesesongen no, då blir det kanskje jakt?” :)

Mothakane vart klipte og kroken vart fjerna. Reico blødde bittelitt, men mykje mindre enn eg hadde frykta. Han fekk ei sprøyte med antibiotika og ei oppvakningssprøyte, og så kunne vi dra heim att.

Reico var litt utanfor og slapp tysdag og onsdag om formiddagen, men onsdag ettermiddag var han seg sjølv att, og godt er det. (Sjølv om det av og til kan vere ganske avslappande med ein slapp Reico)

Til orientering: Vi legg ikkje fiskekrokar på frysaren lenger. Aldri meir.

Lat måndag morgon

Monday, February 4th, 2008

I helga har eg hatt arbeidshelg, og så skal eg på arbeid i ettermiddag. Difor har eg nyta å vere litt lat i dag. Eg har drukke kaffi, ete frukost, bada meg, og i det heile gjort fint lite fornuftig.

Reico som var sjuk på torsdag kvikna mirakuløst til i laupet av natta, og fredag var han i toppform att. Har grubla litt på om det kunne vere til dømes nyre-/blærestein eller noko liknande. Iallfall er han frisk att, og det er me glade for.

Elles er det ikkje stort å melda frå denne kanten i dag, eg skal berre ta livet med ro fram til eg skal på arbeid. Ha ei fin veke alle saman!

Sjuk hund

Thursday, January 31st, 2008

Hunden Reico er ikkje frisk! Han peser, er uroleg, vandrar … Han har til og med vore ute og ete gras (det vesle som stakk opp av snøen) og kasta opp att. Han rullar seg og er tydeleg plaga stakkars. Og det verste er at han “far sjølv” som i utgangspunktet hadde denne hunden med inn i familien er på arbeid og til veldig lite hjelp. *sukk* Kjenner meg litt makteslaus.
Dette biletet er frå då han hadde skada foten, men han ser like plaga ut no òg … Dakar vesle guten!

Synd på meg …

Tuesday, October 9th, 2007

“Nokon” synast veldig synd på seg sjølv …

I ettertid har bandasjen vorte fjerna, noko som er ei soge for seg sjølv. Å fjerna bandasje frå poten til ein hund med angstanfall er definitivt ikkje lett! Ved første forsøk måtte vi gje opp, og dagen etter ringde eg dyrlegen. Han meinte vi burde komma dit med hunden, men eg fortalde at vi var på arbeid begge to, og det fekk vere måte på styr. Då vart resultatet at legen skreiv ut Vival(!). Vi skulle gje ein tablett og venta ein time for å sjå om det virka, og gje nok ein tablett viss det ikkje gav effekt. I alt tre tablettar kunne han få. Legen sjølv var ikkje overlykkeleg for løysinga, men eg trøysta han med at eg er sjukepleiar, så eg burde kunne observere verknad av vival sjølv om det er til ein hund.

Fredag kveld var dagen vi hadde sett av til dette. Fyrst 1 Vival pakka inn i brødskive med leverpostei. Effekt: Ingen! Hunden vart like nervøs då eg nærma meg poten. Men etter to tablettar vart det ganske annleis. Eg er sikker på at han gliste! ;) Han fann seg i at eg fjerna bandasjen og vaska litt, men det vart ikkje aktuelt å leggja på ny bandasje, men det hadde dyrlegen allereie sagt vi kunne droppe i og med at hunden er så redd.

Han får framleis antibiotika, og det ser ut til at det går rett veg. Men han vil framleis at det skal vere litt synd på han innimellom, då …

Sjuklingen

Thursday, October 4th, 2007

Den tidlegare omtala sjuklingen var til dyrlegen, og slik vart resultatet:
Då dyrlegen endeleg fekk sedert hunden (som forøvrig oppførte seg som om han trudde han aldri skulle koma heim meir), fann han ut at Reico hadde kløyvd ei klo på venstre frampote. Denne vart desinfisert og bandasjert, og Reico fekk penicillin og smertestillande. På biletet til venstre har han enno ikkje vakna etter sederinga.

Det viste seg etter kvart at Reico til no ikkje har trengt den kragen han har på seg, for han let faktisk bandasjen vere i fred. Eg er oppnemnt til medikamentansvarleg, for Reico skal ha antibiotikatablett og flytande smertestillande morgon og kveld. Dette var eg spent på, men innpakka i brødskive med leverpostei går det meste glatt ned …

Eg må innrømma at det var ein liten vekkar at hunden vart sjuk, for no fann eg ut at eg eigentleg set veldig stor pris på å ha han som familiemedlem. Og no når han er sjuk, vert han ein smule bortskjemt. Her ser de han når han i dag fekk vere med og køyre ungane i skule og barnehage. Gjett om han var fornøgd!

Sjukdom i familien

Tuesday, October 2nd, 2007

I dag skal vi til legen!

Den som er sjuk er elghunden Reico. Han har hatt problem med ein framlabb i fleire dagar no, og når han i tillegg er slapp, sliten og “ikkje lik seg”, er det på tide å gjere noko. Truleg har han trampa noko inn i foten under jakt, men vi får liksom ikkje lov å sjå etter ordentleg, for då gjev han klårt uttrykk for at det er VONDT! Så i dag vert det legetur på oss. Spennande …