januar 8th, 2008

På søndag pakka eg ned all julepynt og dukar og tørka støv og vaska godt. Det kjennast herleg! Merkeleg dette med at det er godt å pakka ut julepynten, men (minst) like godt å pakka den bort òg?

Problemet var at det vart i overkant minimalistisk etterpå:

Den lekre duken er det stemora mi som har hekla (inga ond stemor her, med andre ord, berre ei veldig flittig ei), og dekorasjonen er rett og slett potpurri frå Ikea i ei glas-skål.

Iallfall; for å bøte på kjensla av at det vart tomt, var eg i dag på plantehandletur!

Eg kom heim att med 5 plantar;

gerbera primula peperomia

Ein gerbera, to primula og ein slags peperomia, samt enno ein grøn-plante eg ikkje hugsar namnet på.

Gerberaen fekk plass på det minimalistiske bordet, og no er det meir heimleg her:

No vart det (nok ein gong) eit godt hus å vere i!

På det nedste biletet visast duken ganske godt. Flott, ikkje sant?

Posted in bloggings | 2 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper