Posts Tagged ‘oppskrifter’

Til redaksjonen i bladet Familien.

Tuesday, April 1st, 2008

(E-post sendt til sjefsredaktør Ivar Moe, redaksjonssjef Espen Selmer-Torgersen og journalist Gro Sandvik i Familien)

Eg er den lykkelege eigar av mange nummer av bladet Familien, nokre har eg arva etter mi mor, og seinare har eg sjølv byrja å abonnera. I dag tenkte eg å ta for meg den store haugen med blad eg har hatt liggande, slik at eg kunne organisera oppskriftene i ein perm.

33 blad hadde eg vore igjennom, og eg var rett så fornøgd. Kvar midtdel vart nappa ut, lagt i plastlomme og sett i perm. Slik kan eg på den eine sida sjå innhald i kvar del, og på baksida finn eg “Torhilds lune hjørne”. Oversiktleg og greit!

… heilt fram til nummer 24/2007. Frå og med dette bladet er det ikkje lenger mogleg å nappa ut og laga oversyn slik eg har gjort tidlegare. Eg må difor øydelegge bladet, med evt å riva av framsida, slik at eg får eit visst oversyn. Skilnaden mellom arka i permen er gedigen, og eg er skuffa.

Kan eg få attende det gamle systemet som var så briljant? Ver så snill? Så kan eit stakkars rotehue få ei kjensle av at ho iallfall held oversyn over _noko_ i verda ..?

Med venleg helsing
Monica Gausen

Julekakebaking

Tuesday, December 4th, 2007

Medan ungane var på skule og i barnehage i dag, laga eg deig til “kvitkjeks” og serinakaker.


Denne boksen er eit kjært barndomsminne. Den kosta som de ser kr 28,40 på Epa, og det må vere mange år sidan! Boksen har vore “kvitkjeksboks” så langt attende eg kan hugsa, og den tradisjonen tenkjer eg å halda i hevd.


Ungane er i full gang med å stikke ut figurar.

(Dersom du klikker på eit bilete, kjem du til ei side med større utgåver av desse bileta.)

Her er det serinakakene som står for tur!

Diverre vart dei ingen suksess. Eg trur eg var litt vel raus med den flytande margarinen, men det skal eg notera meg til neste år. Serinakakene vart nemleg meir som serinapletter enn kaker, men smaken var iallfall bra!

Slik skal boksen sjå ut!

Og eg må innrømma at eg er glad eg slo frå meg tanken på å doble mammas gamle oppskrift, for deigen ga desse kakene:

Planen er at vi kan ete opp kakene frå den fremste boksen, medan kvitkjeksboksen skal vere urørt. Så no må du skunde deg på besøk, pappa! Kvitkjeksene smaker nett som dei skal!

Mamma Hjørdis si oppskrift på kvitkjeks/kakemenn/spekulasi:

4 koppar sukker
1/2 kopp smør
-Rørast kvitt

Sett til:
1 kopp mjølk
1 kopp vatn
4 toppa ts vaniljesukker
4 ts hjortesalt
og den noko kryptiske:
Mjøl til passe deig

Deigen skal vere litt klissen og kan gjerne stå ei stund og godgjere seg. Viss du har i for mykje mjøl, blir kakene sprø, og det skal dei helst ikkje vere.

Steik midt i omnen i 8 minutt på 180 grader.


Til Barne-TV vart det prøvesmaking og julebruskos. Julebrusen var forresten restane etter første søndag i advent, men ungane syntest tydelegvis den var like god etter å ha stått opna i kjøleskåp i to dagar.

To fornøgde ungar på den fyrste julekakebakedagen vår: