For å skrive om noko anna enn
Monday, June 23rd, 2008vesker, så ikkje Betty trur det har rabla heilt for meg, ville eg berre visa dykk nokre glimt frå hytteturen vi var på i helga.
Vi leigde idylliske Lustadstua i Ogndal i Steinkjer frå fredag til sundag. Her er det ikkje innlagt vatn, og straumen solcellepanelet genererer er eigentleg ikkje meir enn til det absolutt naudsynte. Ordentleg hytte, med andre ord: Vatn smakar nydeleg frå ei slik ause. Bringer fram barndomsminne i fleng!
Vatnet varmast på omnen.
Tor Inge og jentungene er ute og fiskar på laurdagsmorgonen, før frukost!
Noko av fangsten, i alt fekk me 22 aurer. Den største var ca eit halvt kilo!
Laurdag fekk me besøk av Redningsmannen (les: Besten / Oddvar) med gåver. De skjønar, eg hadde jo pakka ned kaffi, meeeen det var kanhenda ikkje så smart å pakka med filterkaffi? Men kaffien smakte jo enno betre når eg måtte venta ei stund på han. Dessutan smakar kokekaffi kjempegodt på tur!
Andre glimt frå helga:









