august 17th, 2008

Sjå kva eg har fått av Lena:

awarden

Lena er ein sambygding, men det eg veit har eg aldri møtt ho. For meg er ho “berre” “Porcelensstrand-Lena” som eg kjenner gjennom bloggen. Likevel kan slike bloggevener vere ganske viktige, og det er spennande å følge med liva til andre gjennom bloggane deira.

Tusen takk, Lena!

august 1st, 2008

Eg vil òg sjå solformørkinga, men det ser ut til at skyene vinn …

juli 24th, 2008

på ein litt anna måte:

juli 6th, 2008

No har vi hatt nokre herlege dagar, og det har vi verkeleg kost oss med.

Even er veldig glad i glad i jordbær, og det er jo sommarmat:

Fredag var vi med barnehagen på den årlege turen til Namsskogan familiepark. Dette var forresten Even sin siste dag i barnehagen. For alltid …

Slik såg det ut gjennom bussruta då vi hadde passert Steinkjer på heimturen:

Tor Inge kom syklande heim frå arbeid klokka 20:30 og vart møtt av to som hadde masse å fortelja etter turen til Namsskogan:

Og så vart det grillmat til kveldsmat:

Det er ikkje så mange dagane i laupet av sommaren i Trøndelag at ein kan vere slik kledd når klokka har passert halv ni på kvelden:

På laurdag køyrde Tor Inge til Østersund for å sjå på Linn-Therese som hadde kome til finalen i Storsjöcupen! Dei fekk sølv og ein diiiger pokal. :)

Vi andre tre måtte ein tur innom legevakta på formiddagen, for Hulda hadde fått ein veldig kraftig reaksjon på timotei, så augene var nesten attklistra … Iallfall, legedama hadde akuttmedisin (god effekt) samt resept på augedråper, og etterpå dro vi på Stornesøra:

Og no håpar eg berre at ikkje alt finveret er oppbrukt til eg får ferie …

Posted in bloggings | 2 Comments »
juni 27th, 2008

Skattepengane har kome, og då er det om å gjere å bruka dei snarast råd … Eller, heilt slik var det ikkje. Sanninga er at vi er så svineheldige å ha eit digitalt speilreflekskamera, men dette kameraet er for stort til å dra med seg på turar, og difor vert det ofte få “tur-bilete” på oss. Difor har eg lenge sikla etter eit kompaktkamera. Passeleg lite, helst slik at det kan bu permanent i veska, og i går vart dette med meg heim:

Det er faktisk så lekkert som biletet på eska viser. Samstundes er det såpass tungt at det virkar solid. Eg såg og kjende på mange kamera før valet fall på dette. Det har mange herlege funksjonar, og tek knakande gode, skarpe bilete.

For å gje eit døme:

Ser du flua på dette biletet?

Ho sit på sofaen, heilt til venstre i biletet.

Med beskjæring og forstørring gjort berre ved hjelp av kameraet, ser du flua betre:

Fantastisk, spør du meg!

Kameraet har 3xoptisk zoom og biletestabilisator. Og no skal eg ut og knipsa! (PS: Snille Elkjøp-mannen (det er eigentleg berre ein som er verdt å handla med på Elkjøp Levanger, men han er til gjengjeld såpass dyktig at han gjer opp for mange av dei andre som arbeider der) sendte med meg ei Samsonite bæreveske til kameraet, så no ligg det trygt og beskytta i veska)

Posted in bloggings | 1 Comment »
juni 23rd, 2008

vesker, så ikkje Betty trur det har rabla heilt for meg, ville eg berre visa dykk nokre glimt frå hytteturen vi var på i helga.

Vi leigde idylliske Lustadstua i Ogndal i Steinkjer frå fredag til sundag. Her er det ikkje innlagt vatn, og straumen solcellepanelet genererer er eigentleg ikkje meir enn til det absolutt naudsynte. Ordentleg hytte, med andre ord: Vatn smakar nydeleg frå ei slik ause. Bringer fram barndomsminne i fleng! Vatnet varmast på omnen.

Tor Inge og jentungene er ute og fiskar på laurdagsmorgonen, før frukost!

Noko av fangsten, i alt fekk me 22 aurer. Den største var ca eit halvt kilo!

Laurdag fekk me besøk av Redningsmannen (les: Besten / Oddvar) med gåver. De skjønar, eg hadde jo pakka ned kaffi, meeeen det var kanhenda ikkje så smart å pakka med filterkaffi? Men kaffien smakte jo enno betre når eg måtte venta ei stund på han. Dessutan smakar kokekaffi kjempegodt på tur! :)

Andre glimt frå helga:

Posted in bloggings | 2 Comments »
juni 9th, 2008

Ellen har tagga meg, og det var eigentleg bra, for det byrja kan henda å sjå ut som om eg var heilt vekk. Årsaka til at det ikkje har vore så mange blogginnlegg den siste tida, er veret (SOL!), arbeid (varmt!) og bursdagsfeiring (eg vart tjueelleve år for ei veke sidan, og her i huset har vi opptil fleire selskap for kvar bursdag ).

Iallfall, her kjem sanningane om meg:

  1. For ti år sidan gjorde eg: Vel, det eg minnast best frå sommaren 1998, var eigentleg den store Overraskinga. Eg hadde flytta frå eit relativt turbulent og øydeleggande sambuarforhald, og stasjonerte meg midlertidig hjå mamma og Oddvar. Eg gløymer aldri den dagen eg og mamma var ved Skjelvågen kai, og eg plutseleg vart svimmel. “Det er vel varmen” sa eg. Mamma såg på meg med røntgenauge, og sa “Har du hatt tida di, då?” … Og, vel, nei, eg hadde vel sant å seie ikkje hatt menstruasjon på ei stund, men på grunn av turbulensen i privatlivet, hadde ikkje det vore i tankane mine. Så, det var den store overraskinga. Verdas vakraste nyttårsbarn som vart fødd 00:05 den 1. januar 1999.
  2. 5 ting på gjeremålslista mi i dag: Kose meg framom datamaskina, vurdere om eg er nøydd til å gjere husarbeid (og eventuelt gjere det), slå ihjel dei to irriterande fluene som svirrar rundt her, sjukepleiarmøte på jobben og kveldsvakt.
  3. Snacks eg likar: Lakris (men ikkje lakrisbåtar), ostepop, potetgull, sjokolade … Det finnast ikkje mykje eg ikkje likar, iallfall.
  4. Ting eg ville gjere viss eg var milliardær: Kjøpe draumetomta og byggje draumehuset, ny bil, hytte ved sjøen kanskje? Og båt! Og så ville eg teke med heile familien på lang ferietur, medan huset vart byggja.
  5. Stader eg har budd: Risvollan og Ila i Trondheim, Orkanger, Levanger, Steinkjer og Verdal.
  6. Desse vil eg vita meir om: Hege, Lena, Anne-Grethe.
mai 18th, 2008

17. mai vart ein fin dag. Vi fekk sol, og det var slett ikkje så iskaldt som eg hadde frykta. Ungane koste seg, vi åt sodd, kake, jordbær, sjokoladepudding og ikkje minst is.

Eg gjekk i tog saman med Even, som var rosaruss. Hulda vart foreviga då ho bar fana til klasse 3B.

Legg merke til Even sine strømper! Det er evigheitsarbeidet mitt som faktisk vart ferdig!

I dag, altså dagen derpå, har eg vore på arbeid, og veret har vore verre, men det hindra ikkje gutungen, han var mellom anna Peter Pan sa han:

mai 18th, 2008

Lasse har tagga meg, og oppgåva er som følger:

  • Pick up the nearest book.
  • Open on page 123.
  • Find the fifth sentence.
  • Post the next three sentences.
  • Tag five people, and acknowledge who tagged you.

I og med at eg har ei bokhylle ved meg, vart ikkje dette enkelt, men ei bok stakk likevel eit par millimeter lenger ut enn dei andre: Karin Boyes “Samlede dikt”.

På side 123 er diktet Ingenstans, og dette er setningane:

Och rymderna svämmar över av heliga floder.

Jag sträcker mig upp och känner läpparna våta

av vita exstaser.

Men ingenstans, ingenstans …

Ei perle av ei bok som eg kjøpte på mammut-salg.

Og så, til tagginga. For å gjere det lett, tar eg dei 5 siste med nettsider som har kommentert i bloggen min: Lena, Merete, Hege, Eva og Kristin Helene.

Nyfiken som eg er, gler eg meg kjempemasse til å sjå svara. :)

Posted in bloggings | 1 Comment »
mars 16th, 2008

Etter at eg hadde vore på arbeid i går, kom eg heim til ein pakke! Mannen hadde vore og kjøpt siste bok i Millennium-trilogien slik at eg har noko å lese på i påska. Er ikkje eg heldig?!?

Det eg verkeleg er imponert over, er at han har forstått at ein pakke er mykje artigare å få viss den er innpakka og har eit kort. Det er det mange mannfolk som ikkje har oppfatta, men min har altså sett lyset. ;)

Posted in bloggings | 2 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper