mai 29th, 2008

Sein som vanleg, men eg kjem då etter!

Annette var ute i rett tid med ein blome, og eg presenterer og ein:

Ein av mine favorittar. Vakker, ikkje sant?

Posted in bloggings | 1 Comment »
mai 20th, 2008

… på ein tysdag. Eg er ikkje i form for tida. Tjukk i halsen, snørrete, eg nys og ikkje minst synast eg synd på meg sjølv. I går var egfor fyrste gong etter eg byrja i jobben min for snart eit år sidan borte på grunn av sjukdom. Når eg tenkjer meg om, er det vel den fyrste eigenmeldinga eg har nytta i jobbsamanheng i livet så langt. Men det var faktisk mogleg å gjere det. Så til saka! (Går)dagens farge er oransje:

Utsikta frå trappa mi i september i fjor. Bjørka har kledd seg i haustfargar.

Og enno eit oransje bilete:

“Husmorforkleet” mitt som mamma både har sydd og i tillegg brukt sjølv. Eg ser at bakgrunnen ber preg av at dette er midt i julestria. ;)

Takk til Annette som drog i gang Mondays in rainbow!

Posted in bloggings | 3 Comments »
mai 12th, 2008

Annette vil gjerne ha oss med på å posta bilete i regnbogefargar. Fyrst ut er naturleg nok raud, og her er mitt bidrag;

Dette er jentungen i heilraudt for 7(!) år sidan. (Det gjer meg ganske gamal, trur eg). Ho var (og er) eit “blomsterbarn”, der det dukkar opp blomar, der er ho og plukkar eit flott utval.

Posted in bloggings | 4 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper