august 27th, 2008

Vi har byrja abonnera på økologisk mat frå Økomat Innherred, så annakvar veke får vi pakker med mat levert på døra. Her ser de nokre av varane vi fekk i dag:

Alt smaker fantastisk, og det er verdt pengane. Dessutan et ungane masse av dette! Til dømes er tomaten spesielt god trur eg, for det et ungane nesten som godteri!

Brødet er levert av Godt Brød i Trondheim og er frose når eg får det, men det smakar fantastisk likevel. Gler meg til å laga meg matpakke i morgon!

Ein ekstrabonus ved dette er forresten at eg annakvar veke må rydda litt i kjøleskapet for å få plass til maten … Så i dag har eg i declutteringa kasta ein rest av kokt skinke som ikkje lukta bra lenger samt nokre gulerøtter som hadde gøymd seg bakerst … I går kasta eg nokre gratis “serie-bøker” som har vore med i vekeblad.

august 12th, 2008

I 2002 publiserte eg ei oppskrift på “Heit haustgryte”, men på grunn av redirect-funksjonen, greier eg ikkje å få fram denne oppskrifta att, så her kjem ho i ønskereprise, sjølv om det kanhenda er berre eg som ønsker. ;)

Sånn heilt ærleg: Eg er dårleg med supper. Eg skulle jo laga suppe til middag, men resultatet vart litt for tjuktflytande til at eg kan kalla det suppe. Likevel, godt vart det. Og sterkt! :)
Heit haustgryte:

150-200 g kjøtdeig

1 fedd kvitlauk

1/2 purrelauk

1 grøn chilipepar

1 boks salatbønner

1 boks hakka hermetiske tomatar

8 dl vatn

mjøljamning til passe konsistens

Creme Fraiche

Krydder etter smak (sjølv overdreiv eg chilien litt denne gongen …)

Gjer slik:

Brun kjøttdeig i ei gryte. Tilset purre og kvitlauk og chilipepar og la surra litt før du har i bønner og tomat.

Når dette er samankokt tilset du 4-5 dl vatn. Resten av vatnet nyttar du til å få ei passe jamning på gryta etter at det har kokt i 5 minutt.

Lag mjøljamning og hell i gryta. Hugs at mjøljamninga må koka i eit par minutt før du ser effekten. Når maten har passeleg konsistens, smak til med krydder (chili, oregano, salt, basilikum …) og creme fraische.

Server med baguettar, rundstykke, loff eller andre gode, ferske brødvarer.

juli 11th, 2008

Seint i går kveld gjorde eg noko eg aldri har gjort før; eg laga deig til rundstykke som skulle heve over natta. Eg nytta litt mindre gjær enn vanleg, samt kald deigvæske, men elles var det nett som å baka “vanlege” rundstykke. Eg baka dei ut, sette dei på steikeplate, la plast over og sette steikeplata i kjøleskapet. Eg må innrømma at eg var veldig spent i dag morges. Tenk om dei hadde heva så mykje at deigen låg utover i kjøleskapet? (I fantasien min dekte deigen forresten heile kjøkkenet, men eg prøver å moderera meg litt …)

Iallfall; rundstykka låg pene på steikeplata si då eg stod opp, og ikkje hadde dei heva seg særs mykje, så eg sette på steikomnen og tok rundstykka ut av kjøleskapet slik at dei skulle få romtemperatur, og då heva dei litt meir. Då omnen var varm nok, pensla eg rundstykka med vatn, og sjå kva eg kunne ta ut av omnen litt seinare:

Og frukosten vart slik:

Trur trygt eg kan gjere dette att seinare!

Posted in bloggings | 1 Comment »
mars 6th, 2008

Eg skal på kveldsvakt i dag, og har åtvara mannen om at det ikkje vert gjort noko husarbeid i dag. Eg er LAT! Og tek meg lov til å vere det. I staden for å gjere noko fornuftig, sit eg krølla opp i sofakroken med dette: Mitt fyrste forsøk på selbusokkar. Naturlegvis hadde eg ikkje garnet som eigentleg stod i oppskrifta, men eg fann ut at dette var eit flott høve til å bruka litt av det utgamle Mor Aase-garnet mitt. Det er ull og akryl, og har vel ikkje vore i handelen på ganske mange år … Men det ser ut til å vere eit godt sokkegarn.

Elles har eg endeleg fått ferdig desse vottane som eg starta på i fjor. Dei har mangla knapp og heklekant, så ein kveld tok eg mot til meg og gjorde eit forsøk på hekling, og det vart då sanneleg ikkje så verst. Knappane fekk eg frå Sipusa i Hemmelig Sommervenn. :)

I går orka eg forresten heller ikkje å gjere noko fornuftig, så då laga eg klubb og duppe, for då vert mannen så lykkeleg at han ikkje tenkjer eit sekund på at det er det einaste eg har gjort den dagen.

Posted in bloggings | 4 Comments »
oktober 12th, 2007

I dag fekk eg ei rosande tekstmelding om aktivitetsnivået mitt frå syskjenbarnet mitt, så eg fann ut at det passa bra å skryta litt meir.

I dag er det eg, Thomas og Even som har vore heime, og eg har vaska huset slik at det vart godt å ta helg etterpå. Som belønning til meg sjølv kjøpte eg desse:

Det er så godt når huset er reint å ha ein vakker bukett blomar på bordet!


I tillegg til husvask har eg og gutane baka bollar, så til formiddagsmat koste vi oss med nybakte boller og kakao …

Og siste skryt for i dag er at genseren til Even endeleg vart ferdig i kveld. Reknar med eg kjem med bilete med gut inni i morgon, men til no får de nøye dykk med dette:

Detalj frå arma (det skal vere ein daudningeskalle):

Posted in bloggings | 1 Comment »
september 17th, 2007


Mannen i huset fyller 36 år i dag! Ei rose til deg, Tor Inge, og gratulerer så masse med dagen!

Gåve er innkjøpt, og eg gler meg til mannen er ferdig på jobb og ungane kjem heim, for det fyrste fordi eg elskar å gje gåver, og nettopp denne gåva trur eg mannen heilt har gløymd at han ønskjer seg. Den andre grunnen er at i dag skal vi ha ein nydeleg middag som vi alt for sjeldan tek oss tid til …

Til middag skal vi ha dette:


Ei stor gryte med fårikål står og putrar på omnen. Skal han nokre pølser i tillegg då, for det er ikkje heilt sikkert at alle ungane likar sauesmaken …

I ettermiddag kjem familien på bursdagsbesøk, og då skal vi mellom anna kose oss med denne her:

Eg gler meg kjempemykje, både på mat og kake og besøk. Men no skal eg tusla bort og bake den tidlegare blogga formkake med kakao.

Posted in bloggings | 2 Comments »
september 12th, 2007

I går fann eg ut at det var på tide å baka brød att. Det går relativt store mengder brød her i huset, og eg likar godt å baka dei sjølv. Eg er ikkje sikker på om eg sparer pengar på det, men den store fordelen i mine auge er at brødet smakar betre, det er litt meir næring i det og ikkje minst; eg veit kva vi får i oss når eg sjølv har bakt. (Dessutan får eg godt samvit og kjenner meg som ei Flink Mor …)

Brødet de ser her, har tre “sysken” lenger borte på benken. To brød går rett i frysaren, og to vert ikkje frose.

I går kveld, fekk eg lyst på sjokoladekake. Då eg var lita, baka mamma fleire gonger sjokoladekake til laurdagsgodt. Eg syntest det var heilt topp. Fyrst i vaksen alder har eg forstått at det var eit økonomisk spørsmål …

Men iallfall; mamma bakte sjokoladekake, og kaka var usannsynleg god! Då eg vart eldre (og familieøkonomien hadde betra seg), etterlyste eg denne kaka, men mamma greidde ikkje å hugsa kva for kake eg meinte. Ho prøvde mange ulike oppskrifter, men trefte aldri på Den Kaka. Fyrst i går kom eg på det; høgst sannsynleg var det ei formkake med kakao ho bakte! Eg googla og på Det søte liv fann eg ei Ingrid Espelid-oppskrift. Denne kaka heiter opprinneleg “formkake med kakao”. Eg kasta meg over prosjektet, og sanneleg; dette var kaka. Sprø og nydeleg skorpe, ikkje for søt og ikkje for tung. Diverre vart ho ikkje så fin, men smaken var perfekt. Tre store stykke gumla eg i meg medan eg såg Medium i går kveld. Oppskrifta er såre enkel:

125 g smør
2 dl sukker
2 egg
2 ss kakao
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
150 g kveitemjøl
1 dl mjølk

Rør saman smør og sukker. Pisk inn eitt og eitt egg. Sikt saman det tørre, og vend inn det tørre og mjølka vekselvis. Dessutan skal ein visst ikkje røra for mykje (kvifor ikkje? Vert kaka tung då?). Ha deigen i ei godt smurt form. Eg nytta ei av mine vanlege brødformer, og i tillegg la eg eit bakepapir i botnen. Steik på 175 grader på nedste rille i ca 50 minutt. Test med strikkepinne (eller liknande) at kaka er gjennomsteika. La stå eit par minutt før du kvelvar ho ut av forma. Nytast med eit glas kald mjølk eller ein kopp kaffi. (I og med at kaka var ferdig så seint, vart det mjølk her i huset, og det gav skikkeleg flashback av barndomsminne) Nokon som vart inspirerte no? :)

Posted in Ukategorisert | 5 Comments »
september 7th, 2007

No har eg endeleg teke ein pust i bakken. Til no i dag har eg:

Bakt brød. Desse står i omnen no. Og det luktar nydeleg, om eg skal seie det sjølv. (Og det må eg jo nesten, for den einaste som er her i lag med meg er Even, og han har ikkje kommentert det enno)

Skore opp 5 kotelettar og to kjøttpølser som skal vere med i middagen i dag …

… og laga sausjamninga som er basisen for lapskausen vi skal ete. Denne har Even prøvesmakt, og han meinte det var godt. Det som ligg og flyt i sausen er bein frå kotelettane. Eg hadde ikkje kjøttkraft til sausen, så eg sette til buljong, og kokar som de ser kotelettbein i lag med sausen. Reknar med det gjer susen, eg.

Og no syntest eg at eg fortente ein kvil, om ikkje anna så for å skryta over kor flink eg har vore. Eg skal straks springa over golvet med moppen slik at det iallfall luktar reint til helga!

Posted in bloggings | 4 Comments »
september 3rd, 2007

I dag er det måndag, og har vore flink (synast eg sjølv iallfall) og bakt kake etter eg kom heim frå arbeid. Kvifor? Tja, mest for at eg trur denne kaka er god. Og så er det kjekt å ha noko i frysaren i fall det kjem uventa gjestar. (Eller når eg sjølv “må” ha noko søtt)

Kaka er det eg kallar “skoff-kak”. “Bestefarskake” har eg òg høyrd bruk om denne. Har ikkje prøvesmakt enno, men eg håpar ho er god. Ungane likte røra iallfall. ;)

Posted in bloggings | 3 Comments »
august 6th, 2007

Førre veke synast eg at eg eigentleg ikkje gjorde anna enn å vere på arbeid og å sova mellom slaga. Torsdag var eg og Tor Inge invitert heim til svigermor for å ete heimelaga elgsodd, men eg skulle (sjølvsagt) på kveldsvakt, så eg kunne jo ikkje vere med … Men svigermor veit kor glad eg er i mat, så då Mannen skulle heim, hadde ho gjort klar ei bøtte med sodd slik at eg òg skulle få! Dette fekk eg meska meg med før kveldsvakta på fredag:

Soddet inneheldt forresten mjølbollar òg, men desse unngjekk eg glatt.

Onsdag hadde eg forresten òg kveldvakt, og då eg kom heim den kvelden, sat mannen og venta på meg med biff med bearnaise, soppstuing og pommes frites. Då er det eigentleg ganske greit å arbeida ein del.

  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper