august 18th, 2008

Even har hatt sin fyrste skuledag i dag. Det var spennande for både han og meg …

Ganske mange sommarfuglar i magen, trur eg.


Humøret hans betrar seg mykje medan vi ventar på å få gå inn. Her gjer han jo til og med triks til ære for fotografen!

Då vi endeleg kom inn, vart det litt for mykje prating før det hendte noko spennande …


Men endeleg fekk han fram og helsa på undervisningsinspektøren og ein av lærarane!

Even vart kjempeglad då hans gruppe, prestekragane, fekk ei faddergruppe som stesyster var ein del av. Det gjorde dagen enno betre (og tryggare …)!

Han var fornøgd då dagen var over, og samstundes gler han seg visst til å gå på skule i morgon. “Å du får itj vårrå me mæ inn assa mamma, æ vil gå sjøl!”

Og attende står mamma, som har sendt minsteguten sin ut i verda, med ein stor klump i halsen … Lykke til, vesle mann. Må verda vera god mot deg. Det fortener du!

Posted in bloggings | 7 Comments »
august 1st, 2008

Eg vil òg sjå solformørkinga, men det ser ut til at skyene vinn …

juli 19th, 2008

… men ikkje for ingenting.

I dag hadde eg dagvakt, og det var ei litt stressande vakt, så eg var sliten då eg var på heimtur. Eg måtte køyra Tor Inge sin bil, for Chrysler’n som hadde vore på verkstad, hadde kome ut frå verkstaden i verre forfatning enn han var då han kom inn. Det hadde vorte bytta tennpluggar, men Noko Er Feil, for det høyrast ikkje ut som bilen går på meir enn 5 (av 6) sylindrar iallfall. Med andre ord; ikkje noko ein ynskjer å køyra lengre enn til butikken med.

Etter å ha køyrd eit stykke, høyrde eg ein merkeleg lyd i bilen. Det var som om det kunne vere ei laus tettingslist eller noko, men eg såg ikkje noko som blafra … Plutseleg mintest eg ein liknande lyd frå då eg var lita og sat på med pappa, og då hadde bilen punktert. Eg svinga ut på næraste veglomme, og ganske riktig, høgre bakhjul var nesten flatt. Litt mutt og molefunken tok eg fram mobilen og ringte mannen, som skulle koma.

Medan eg sat der og venta, la eg merke til ein bil med ei eldre kvinne inni som kom i motgåande køyrefelt, og bilen køyrde merkeleg sakte då den passerte meg, og nokre meter lengre bort, stoppa den heilt opp. Det rauk litt av bilen som hadde stoppa, og plutseleg såg eg at det var flammar under han! vart det fart på meg! Eg kom meg på andre sida av vegen, og hanka tak i kvinna som enno ikkje hadde kome seg ut av bilen før eg ringte 110. Eg fekk ut varseltrekant, og fekk hjelp av Tor Inge då han kom, samt av ein NAF-sjåfør som var på tur forbi.

Som sjukepleiar hender det jo at eg rekvirerer ambulanse, men eg må innrømma at eg aldri har fått fart på mange utrykningskøyrety på ein gong før. Fyrst kom kommandobilen til brannvesenet, så ein brannbil, deretter to ambulansar, og til sist, (då alt eigentleg var nesten over), kom det to politibilar. Dette vart ein særs uvanleg tur heim frå arbeid. Må innrømma at eg var litt skjelven etterpå, men alt gjekk bra med bilføraren og eg sjølv har oppdaga at eg tydelegvis held hovudet kaldt sjølv i situasjonar som er stressande. Mykje spenning på ein vanleg laurdag!

(Og dekket mitt vart bytta av Tor Inge medan dramaet pågjekk)

Både Trønderavisa og Adressa nemnar hendinga.

Posted in bloggings | 4 Comments »
mai 22nd, 2008

Formen er betre i dag. Som trøyst fekk eg desse av Mannen og ungane her om dagen:

… og då må eg jo innrømma at det meste kjennast betre!

I dag er formen faktisk såpass bra at eg har støvsuga golva, baka brød og i tillegg sydd litt. Min fyrste firkantpose etter oppskrift frå Liv-Toril!

Posen er fylt med te-posar og skal stå på kjøkkenbordet. Den er sydd av to dongeribukselår og ei gamal gardin. (Buksa var ikkje i bruk lenger altså, så det er ingen som har vorte bukselause sjølv om eg fekk sydilla!)

Posted in bloggings | 6 Comments »
april 11th, 2008

Etter å ha fått med dei frådraga som vanta, seier Altinn:

“Foreløpig utrekna sum skatt og avgift: 0
Skattar og avgifter er rekna ut på grunnlag av dei opplysningane som er registrerte akkurat no. Utrekninga må reknast som førebels.”

I og med at eg har betalt skatt, har eg ikkje noko i mot det viss dette syner seg å vere korrekt.

februar 4th, 2008

I helga har eg hatt arbeidshelg, og så skal eg på arbeid i ettermiddag. Difor har eg nyta å vere litt lat i dag. Eg har drukke kaffi, ete frukost, bada meg, og i det heile gjort fint lite fornuftig.

Reico som var sjuk på torsdag kvikna mirakuløst til i laupet av natta, og fredag var han i toppform att. Har grubla litt på om det kunne vere til dømes nyre-/blærestein eller noko liknande. Iallfall er han frisk att, og det er me glade for.

Elles er det ikkje stort å melda frå denne kanten i dag, eg skal berre ta livet med ro fram til eg skal på arbeid. Ha ei fin veke alle saman!

Posted in bloggings | 5 Comments »
januar 31st, 2008

Hugsar de postinga mi om migrene? Iallfall, i går var eg til legen min og samtalte om medisinar og slikt, og han ville eg skulle prøva denne:
Så no er eg nesten spent på neste migreneanfall for å sjå om det virkar! (Og då har eg ein mistanke om at det vert lenge til neste anfall, for dei kjem sjeldan når ein ventar på det)

I’m suffering from migraine, and yesterday I saw my doctor to discuss medication. I ended up with this nasal spray, and I’m almost looking forward to next attack, to see (if) it works…

januar 15th, 2008

“Migrene er en form for hodepine som har fulgt menneskene gjennom alle tider, og som er beskrevet i ord og bilder fra tusenvis av år tilbake. Lider du av migrene er du i godt selskap. Både Leo Tolstoj, Sigmund Freud og Virginia Woolf hadde invalidiserende migrene.” (www.helsenytt.no)

Med andre ord; ein invalidiserande sjukdom for oss geni … Diverre kjenner ein seg ikkje nett som eit geni når ein trampar trynet ned i puta og ikkje er heilt sikker på om ein vil leva eller døy. Og som ved alle andre migreneanfall lover eg meg sjølv at eg skal tinga ny time til legen og finna eit betre medikament som kan hjelpa meg. Og dagen etter migreneanfallet, er lovnaden gløymd att. Det medikamentet eg har fungerer jo etter kvart, iallfall viss eg ikkje kastar opp. Og vanlegvis får eg migrene på fridagane mine, så det går jo ikkje ut over jobben. Men skal eg verkeleg øydelegge mi eiga fritid ved å ligge i eit mørkt og stille rom og isolere seg frå omverda? Trur ikkje det! *Ta seg sjølv hardt i nakken* …

Posted in bloggings | 4 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper