Det er urettvist at mannen skal gå overtid i kveld òg! Eigentleg skulle han vore ferdig klokka åtte i kveld, men plutseleg vart det “krise” på jobb. Jada, eg veit litt om slike kriser. Det hender eg sjølv må gjere om på ting i siste liten, men då er det jo noko eg vel, og det er sjølvsagt noko heilt anna.
Ein forstår at ein går for mykje i Helsevesenets Uniform når planane om ein kopp kaffi i lag med ei dame frå jobben utløyser arkeologiske utgravingar i klesskapet for å finna noko som er presentabelt nok til meir enn å køyre til og frå arbeid …
No har eg vore “snill og grei” og venta på at Ivar Moe skulle tillata meg å posta svaret hans på nettsidene mine, men i og med at eg no har venta heilt sidan 2. april, tek eg sjansen på at han synast det er greit. Han har iallfall ikkje nekta meg det.
Svaret eg fekk likna mykje på svar eg ser andre har fått, men iallfall, her er det:
Kjære Monica,
Tusen takk for en engasjert mail. Det er mange av våre lesere som har et forhold til vår gamle coverside foran håndarbeidssidene. Først - vil jeg fortelle deg at fra nr. 6 kom vi med en ny innholdsfortegnelse og presentasjon. Så til ditt anliggende og vår forklaring: For å holde prisen på bladet nede må vi ha annonser. De som er glade i matstoff og grøntstoff som de samler på har i alle år stilltiende godtatt at det bare er håndarbeidsseksjonen som ikke har hatt annonser. Vi har 530 000 lesere, og veldig mange av dem har det siste året kommet med ønsker om at vi fordeler annonsene bedre. Derfor har vi måttet bruke den gamle, litt råflotte coversiden, til annet stoff. Vi skjønner at mange synes dette er en ulempe i forhold til slik det var før - men vi håper du forstår at vi gjør dette for hele bladet. Til gjengjeld har vi planlagt enda flere sider med det gode håndarbeidsstoffet i årene som kommer. Og - for å glede deg og alle de andre håndarbeidsinteresserte, har vi laget nettstedet Trådsnella - www.tradsnella.no , det er morsomt og gratis. Det er der det foregår nå, hvis du er interessert i håndarbeid. Familien har også lansert familiestedet www.norge123, som vi også gjerne anbefaler.
Jeg ønsker det en fin dag,
Vennlig hilsen
Sjefredaktør Ivar Moe
Familien
tlf. 22585701
Besøk også www.tradsnella.no og www.norge123.no
Naturleg nok gjorde ikkje dette svaret meg nøgd, så responsen eg sendte var dette:
Hei!
Eg skjønar kva du seier, men det er likevel vanskeleg å forstå kva du meiner … Frå min ståstad, er dei endringane som er gjort langt meir enn det å fjerna ei framside, sjølv om det i seg sjølv var dumt. Det store problemet for meg og andre handarbeidsglade er at det nye systemet ikkje lenger gjer det mogleg å nappa ut berre handarbeidssidene. Når eg no freistar spara på oppskriftene og tipsa frå dei same sidene som før, ender eg opp med å øydelegge bladet i og med at eg kan risikera å ta med fleire sider av ei novelle eller anna lesestoff. Eg er fullt klar over at de har laga ei ny innhaldsoversikt på sidene (eg har bilete av det nyaste bladet på nettsidene mine), men det er framleis umogleg å ta vare på sidene med handarbeid utan å øydelegge bladet og på ein måte som gjer at det ser pent ut. Reklamen kan de gjerne ha inni handarbeidssidene for min del, men la meg sleppe å øydelegge bladet når eg ynskjer å ta vare på oppskriftene.
Eg kjenner òg godt til http://www.tradsnella.no , men ein nettstad kan (diverre?) ikkje på nokon måte erstatta eit blad, korkje i form eller innhald.
Håpar du tillet at eg postar vår kommunikasjon på nettsidene mine (http://monica.gausen.net), då det er fleire som har kommentert brevet mitt og ynskjer å vita kva for svar eg får på spørsmåla mine.
Med venleg helsing
Monica Gausen
Mitt siste brev vart som sagt sendt 2. april, og sidan den gong har eg ikkje høyrd noko. Eg må diverre innrømma at dette ikkje gjer meg imponert over kundehandsaminga, og det er berre ein ting å seie; eg er framleis skuffa.
(E-post sendt til sjefsredaktør Ivar Moe, redaksjonssjef Espen Selmer-Torgersen og journalist Gro Sandvik i Familien)
Eg er den lykkelege eigar av mange nummer av bladet Familien, nokre har eg arva etter mi mor, og seinare har eg sjølv byrja å abonnera. I dag tenkte eg å ta for meg den store haugen med blad eg har hatt liggande, slik at eg kunne organisera oppskriftene i ein perm.

33 blad hadde eg vore igjennom, og eg var rett så fornøgd. Kvar midtdel vart nappa ut, lagt i plastlomme og sett i perm. Slik kan eg på den eine sida sjå innhald i kvar del, og på baksida finn eg “Torhilds lune hjørne”. Oversiktleg og greit!
… heilt fram til nummer 24/2007. Frå og med dette bladet er det ikkje lenger mogleg å nappa ut og laga oversyn slik eg har gjort tidlegare. Eg må difor øydelegge bladet, med evt å riva av framsida, slik at eg får eit visst oversyn. Skilnaden mellom arka i permen er gedigen, og eg er skuffa.

Kan eg få attende det gamle systemet som var så briljant? Ver så snill? Så kan eit stakkars rotehue få ei kjensle av at ho iallfall held oversyn over _noko_ i verda ..?
Med venleg helsing
Monica Gausen
Tilfeldig ramla eg innom bloggen til Flopsy, og då vart eg merksam på eit ordskifte som har gått meg hus forni, nemleg “problemet” om sorg er ein diagnose, eller med andre ord, kan sorg gje rett på sjukemelding med tilhøyrande sjukepengar?
Olav Gunnar Ballo som er lege uttalar at “Å gjøre sorg til en diagnose fører til en sykeliggjøring av sorgbegrepet” og “Hvis vi aksepterer sorg som en diagnose, frykter jeg det kan skli ut, slik at folk ikke går på jobb ved nesten enhver tilstand som har med dødsfall å gjøre” (Aftenposten nettutgåve 15.03.08) Dette er TØV, Ballo! Dei fleste menneske eg kjenner, er meir interesserte i å vere på arbeid enn å vere heime med sjukemelding. Jada, det finnast unnatak, og det vil det alltid gjere, men for all del; det er allereie hundrevis av diagnosar ein kan nytta dersom ein absolutt ikkje ynskjer å vere på jobb!
Å gjere sorg til ein eigen diagnose, og ikkje pakka det inn som (eller saman med) noko anna (per i dag står sorgreaksjon oppførd i OCD 10 under diagnosekode F 43.2 “Tilpassingsforstyrrelser”)
Eg seier meg samd med Olafsson som i Aftenposten seier at han “kunne gjerne tenkt seg at man kalte en spade for en spade og beskrev en person som nettopp hadde mistet en som var kjær for “sørgende” og ikke eksempelvis som “deprimert”.”
*applaudere*
Det er laurdag, og her sit eg og er småsur for at eg har arbeidshelg. Å arbeida på ein laurdag ettermiddag er eigentleg ganske surt, synast eg. Ein går liksom glipp av heile helga. *sukk*
Tor Inge driv visst og jaktar på tittelen “Father of the year”, for han har hanka tak i tre av ungane våre og køyrd til Steinkjer for å gå i bassenget. Flinke mannen.
Forresten har eg ikkje byrja med noko nytt på strikkefronten heller etter at eg gjorde ferdig den halsvarmaren i går. Eg veit Hulda vil ha ein halsvarmar, men ho klør av det meste av ullgarn, så eg må fintenkje litt før eg lagar ein til ho. Elles manglar den andre bunadsstrømpa til Even enno, men det er framleis lenge til mai, er det ikkje ..?
“Migrene er en form for hodepine som har fulgt menneskene gjennom alle tider, og som er beskrevet i ord og bilder fra tusenvis av år tilbake. Lider du av migrene er du i godt selskap. Både Leo Tolstoj, Sigmund Freud og Virginia Woolf hadde invalidiserende migrene.” (www.helsenytt.no)
Med andre ord; ein invalidiserande sjukdom for oss geni … Diverre kjenner ein seg ikkje nett som eit geni når ein trampar trynet ned i puta og ikkje er heilt sikker på om ein vil leva eller døy. Og som ved alle andre migreneanfall lover eg meg sjølv at eg skal tinga ny time til legen og finna eit betre medikament som kan hjelpa meg. Og dagen etter migreneanfallet, er lovnaden gløymd att. Det medikamentet eg har fungerer jo etter kvart, iallfall viss eg ikkje kastar opp. Og vanlegvis får eg migrene på fridagane mine, så det går jo ikkje ut over jobben. Men skal eg verkeleg øydelegge mi eiga fritid ved å ligge i eit mørkt og stille rom og isolere seg frå omverda? Trur ikkje det! *Ta seg sjølv hardt i nakken* …
Lasse vart ikkje ordførar i Fauske. SV gjekk attende der òg, og det er eg lei meg for. Men eg veit at Lasse og partiet hans kjem til å vere gode i opposisjon, og så vonar vi at SV kjem sterkare attende ved neste val!
Lukke til, Lasse!
Då eg endeleg fann 4 personar å utfordra, fann eg i ettertid ut at tre av dei har slike lukka MSN-sider.
*knurr*
