Posts Tagged ‘glede’

Mors nye leike

Friday, June 27th, 2008

Skattepengane har kome, og då er det om å gjere å bruka dei snarast råd … Eller, heilt slik var det ikkje. Sanninga er at vi er så svineheldige å ha eit digitalt speilreflekskamera, men dette kameraet er for stort til å dra med seg på turar, og difor vert det ofte få “tur-bilete” på oss. Difor har eg lenge sikla etter eit kompaktkamera. Passeleg lite, helst slik at det kan bu permanent i veska, og i går vart dette med meg heim:

Det er faktisk så lekkert som biletet på eska viser. Samstundes er det såpass tungt at det virkar solid. Eg såg og kjende på mange kamera før valet fall på dette. Det har mange herlege funksjonar, og tek knakande gode, skarpe bilete.

For å gje eit døme:

Ser du flua på dette biletet?

Ho sit på sofaen, heilt til venstre i biletet.

Med beskjæring og forstørring gjort berre ved hjelp av kameraet, ser du flua betre:

Fantastisk, spør du meg!

Kameraet har 3xoptisk zoom og biletestabilisator. Og no skal eg ut og knipsa! (PS: Snille Elkjøp-mannen (det er eigentleg berre ein som er verdt å handla med på Elkjøp Levanger, men han er til gjengjeld såpass dyktig at han gjer opp for mange av dei andre som arbeider der) sendte med meg ei Samsonite bæreveske til kameraet, så no ligg det trygt og beskytta i veska)

Kvardagstrøyst

Monday, June 23rd, 2008

I ein av “roteboksane” på kjøkkenet mitt ligg det fire lappar. Dei er frå eit gruppearbeid på sjukepleiarskulen. Vi var 5 på gruppa, og oppgåva gjekk ut på å ta for oss kvart enkelt gruppemedlem og seie noko positivt om denne personen. Spennande og interessant å trekke ut det mest positive med ein medstudent, og ekkelt når det var din tur til å høyre kva dei andre meinte om deg …

I dag har eg hatt ein hyggeleg dag på arbeid, men eg mislykkast med ein bestemt ting, så eg vart litt deppa. Slike gongar er det godt å ta fram lappane mine der det står at eg er mellom anna omsorgsfull, reflektert, engasjert og positiv.

Slike lappar burde alle ha lett tilgjengeleg. Fordi du fortener det … :)

Stooor veske

Friday, June 20th, 2008

Eg måtte berre ha meg ei stor veske, og då eg ikkje fann den eg skulle ha på Verdalsmartna’n, så tok eg sak(s)a i eiga hand og sydde:


Veska er som sagt stor, og ho rommer det meste, både lesestoff og strikketøy. I tillegg har ho regulerbar reim, så eg kan bera ho på skrå over brystet viss eg vil. Reimene vart gjort regulerbare ved hjelp av knapphol:

Og slik ser ho ut i bruk:

Postmannen har vore her att!

Sunday, June 1st, 2008

I helga har postmannen sanneleg vore innom med anna enn rekningar att!

Denne boka er fantastisk! Flotte bilete, forståelege oppskrifter, masse tips og i tillegg mønsterark med 47 modellar. Kvar eg fann denne skatten sa du? Nok ein gong hjå Capris!

Dagens leseglede

Friday, May 30th, 2008

Viss du skal lese berre eitt innlegg til i dag, synast eg du skal ta deg tid til teksten “Karl Johan” frå Inga Gullhav.

Mr. Postman

Tuesday, May 27th, 2008

Postmannen har vore her med desse bøkene frå Capris til meg i dag:

Look what the postman brought me today!

I går fekk eg meg ei flott overrasking; Wonni hadde lagt att ein peikar til eit bilete av Flaggermuslua ho hadde strikka!

Yesterday I got a surprise in my blog: Wonni posted a comment to show me she had knitted my Bathat for her daughter!

Båtlivet byrjar!

Sunday, April 20th, 2008

I dag har vi vore på Sandvollan og sett ut båten til Besten:

Dette gjekk smertefritt, og vi ser fram mot mange flotte dagar på sjøen.

Skjelvågen er ei perle, berre ta ein kikk:

Sjølvmeldinga er levert!

Friday, April 11th, 2008

Etter å ha fått med dei frådraga som vanta, seier Altinn:

“Foreløpig utrekna sum skatt og avgift: 0
Skattar og avgifter er rekna ut på grunnlag av dei opplysningane som er registrerte akkurat no. Utrekninga må reknast som førebels.”

I og med at eg har betalt skatt, har eg ikkje noko i mot det viss dette syner seg å vere korrekt.

Englevakt

Thursday, April 3rd, 2008

Eg er så glad for at stemora mi kom seg raskt nok på sjukehuset i går og for at vi (stort sett) har eit godt helsevesen i Noreg. Du skremde oss denne gongen, Synnøve! Vi er veldig glade i deg, veit du!

Julestri

Thursday, December 20th, 2007

Det har vorte lite blogging desse dagane. Denne veka er den veka i turnusen min eg arbeider mest, og det passar eigentleg dårleg siste veke før jul … Likevel rekk eg litt anna òg; i går var eg på julelunch på jobben, og i dag har eg endeleg vore ein tur til frisøren att. Snakk om luksus! Der sat eg med hovudet fullt av hårfarge og drakk kaffi og las vekeblad medan resten av verda stressa rundt på utsida… Trur eg vil ha frisørtime så nært jul neste år òg. :)