Posts Tagged ‘familie’

Dagen derpå

Sunday, May 18th, 2008

17. mai vart ein fin dag. Vi fekk sol, og det var slett ikkje så iskaldt som eg hadde frykta. Ungane koste seg, vi åt sodd, kake, jordbær, sjokoladepudding og ikkje minst is.

Eg gjekk i tog saman med Even, som var rosaruss. Hulda vart foreviga då ho bar fana til klasse 3B.

Legg merke til Even sine strømper! Det er evigheitsarbeidet mitt som faktisk vart ferdig!

I dag, altså dagen derpå, har eg vore på arbeid, og veret har vore verre, men det hindra ikkje gutungen, han var mellom anna Peter Pan sa han:

Båtlivet byrjar!

Sunday, April 20th, 2008

I dag har vi vore på Sandvollan og sett ut båten til Besten:

Dette gjekk smertefritt, og vi ser fram mot mange flotte dagar på sjøen.

Skjelvågen er ei perle, berre ta ein kikk:

Ikkje akkurat sparkføre

Tuesday, February 26th, 2008

Eg såg at Hege hadde vore på sparktur i dag, så eg tenkte eg måtte syna dykk kva ungane her i huset gjorde etter endt dag i barnehage og skule:

Trur sanneleg dei hadde vårkjensle i dag!

Førre helg/Last weekend

Friday, January 25th, 2008

Har hatt bloggepause nokre dagar no, men eg kjem sterkare attende. ;)

Førre helg hadde vi barneselskap for Even på laurdag, noko han sette stor pris på.
Indianerøksa var ei av gåvene han fekk, og han slapp ho ikkje ein gong for å ete …

Last weekend we were celebrating my son’s birthday on Saturday. He had invited some of his friends from kindergarden, and it seems they were having a good time.

Vi hadde fisking etter godteposar, og Even og ei venninne sit i vindaugskarmen og nyt “fangsten”.

På søndag hadde vi berre “kosedag” der vi mellom anna gjekk tur i strålande ver:


Sunday we took a walk in the nice weather just to relax.

Når er jula over?

Thursday, January 10th, 2008

Lasse har publisert eit innlegg der han spekulerer på om vi i Noreg eigentleg ikkje vil ha jul. Bakgrunnen for dette er at han synast mange kastar ut jula (og skryt av det i bloggane sine) tidlegare og tidlegare for kvart år. Om eg kjenner meg treft av innlegget? Definitivt! Eg kasta jo ut juletreet allereie 2. januar(tidlegare enn eg vanlegvis gjer på grunn av at det dryssa mykje), og resten av julepynten den sjette.

Er det då slik at eg ikkje vil ha jul? Slett ikkje! Eg elskar julehøgtida, med vekt på nettopp høgtida. Når høgtidsdagane er over, og andre òg har byrja på arbeid og skule att (sjølv arbeidde eg jo både julaftan og i mellomjula), kjenner eg meg ferdig med jula. Då er det godt å “få lov” til å pakka ned det gamle og ta fram andre ting. Kanhenda har det òg ein samanheng med at eit nytt år har byrja, og at det då er litt godt å “byrja på nytt”? Det tyder nemleg ikkje at det er slutt på familiekos og trivsel, det finn framleis stad hjå oss sjølv utan julepynt!

Når ungane har knust pepparkakehuset og vi har feira dei to bursdagane med familien, er jula for min del over. Då ryddar og vaskar eg, og koser meg med kjensla av å starta på eit nytt år med blanke ark.

For dei som framleis feirar jul; framleis god jul, og til dei som har rydda vekk julepynten; kos dykk i “nytt” hus! ;)

5 år!

Monday, December 31st, 2007

I dag er Even 5 år. Her leiker han med den nye hesten og stallen han fekk frå oss her heime. Frå gudmor og gudfar på Fauske fekk han ein flott strikkegenser som eg trur han skal pynta seg med i kveld, så det dukker nok opp bilete av den òg. Elles kjem nok dei fleste gåvene i laupet av morgondagen, då vi (som vanleg) feirar både Hulda og Even sin dag.

1. juledag

Tuesday, December 25th, 2007

Å vere på arbeid på julaftan var faktisk ganske koseleg. Og då eg kom heim vart det pakkeåpning. Vi fekk masse flotte gåver (takk til alle!), mellom anna fekk vi byrja på samlinga vår av Flora-serviset til Jon Østeng Hov. Vi har no krus ogfat nr. 7, 14 og 15. Vi fekk 2 stk av nummer 14, så ein av desse blir bytta.

Denne gåva fekk eg av Frøydis på jobb, og var definitivt den søtaste(!):

Boksane inneheld riskrem og raud saus. Det er ingen løyndom at det er favorittdesserten min, og på arbeid var det moltekrem til dessert, så eg vart kjempeglad over at jula vart redda av ein god kollega. ;)

Hunden fekk òg julegåve som han opna heilt sjølv:

Fyrste juledag vart det (tradisjonen tru) stoooor frukost/lunch/middag:

Definitivt nok mat til tre personar!

Og litt seinare på ettermiddagen vart det tur i vakkert, men langt frå vinterleg, ver:

Ha ei fortsatt fin jul alle saman!

Travel helg

Monday, December 10th, 2007

Denne helga feira vi Linn-T. sin bursdag på laurdag, med kaker,is og brus og masse gjestar. Kjempehyggeleg! :)

Sundag var vi på “Jul igjen” på Stiklestad, der vi skulle møte bror Ketil med familie, men lagnaden var visst ikkje på vår side denne gongen. Vi venta og venta og venta på telefon frå Ketil, men neidå. Til sist sendte eg ei melding og fekk svar. Det viste seg at Ketil hadde ringt og ringt og ringt SEKS gongar, men diverre hadde han ringt til hustelefonen vår. Sukk!!! Trur dette vart like trist for oss alle, men kanskje er vi heldigare neste år? Då trur eg vi skal avtala eit “treffpunkt” og eit klokkeslett, slik at vi slepp misforståingar. Men likevel; det vart ein fin dag på Stiklestad. Stemningsfullt og vakkert. (Men fotoapparatet låg att heime!)

Endeleg!

Thursday, October 25th, 2007

Endeleg har eg tid og ork til å blogge att!

Som eg skreiv i førre post, hadde vi besøk av pappa og Synnøve førre tysdag. Hulda var smart nok til å syne Besta noko ho ønska seg i ei av strikkebøkene mine, og i mangel på scanner, vart oppskrifta kopiert slik:

Ikkje noko problem når ein har eit godt digitalkamera!

Eg ymta frampå om at det jentungen ville ha kanskje kunne tene som julegåve eller noko, men tysdag denne veka fekk Hulda pakke i posten.

Ho vart ekstremt nøgd, og eg måtte vere streng med ho for å få ho frå å ha på seg settet inne resten av kvelden …


Då Even oppdaga kva storesyster hadde på seg då ho skulle på skulen morgonen etter vart han sitjande og sjå på ho ei stund, før han seier: “Men Hulda! Du vart fin som ei dronning med det der!”

Og eg må nesten seie at eg er samd med han! :)

(Hyper)aktiv fredag

Friday, October 12th, 2007

I dag fekk eg ei rosande tekstmelding om aktivitetsnivået mitt frå syskjenbarnet mitt, så eg fann ut at det passa bra å skryta litt meir.

I dag er det eg, Thomas og Even som har vore heime, og eg har vaska huset slik at det vart godt å ta helg etterpå. Som belønning til meg sjølv kjøpte eg desse:

Det er så godt når huset er reint å ha ein vakker bukett blomar på bordet!


I tillegg til husvask har eg og gutane baka bollar, så til formiddagsmat koste vi oss med nybakte boller og kakao …

Og siste skryt for i dag er at genseren til Even endeleg vart ferdig i kveld. Reknar med eg kjem med bilete med gut inni i morgon, men til no får de nøye dykk med dette:

Detalj frå arma (det skal vere ein daudningeskalle):