Posts Tagged ‘Even’

Halloweenungar

Sunday, November 2nd, 2008

Slik såg mine ut fredag kveld:

Var dei ikkje flotte? :)

Grublaren

Sunday, September 28th, 2008

Eg er mor til ein liten grublar. For tida er han litt oppteken av tenner og tannfeen. Sjølv har han (til si store sorg) alle melketennene intakte, og difor opptek det han litt dette med glaset med tann i som vert til pengar over natta.

I dag grubla han seg inn på dette sporet:

“Mamma, tenk på før i tia, da. Da hadd dæmm jotj ein gong glas å lægg tanna i!”

“Nehei?”

“Nei, da trur æ nok dæm la den under puta. Det trur æ, ja”

“Ja, kanskje det …”

“Eller, nei, du veit det mamma, at dæm hadd jotj puta heller før i tia. Da låg dæm jo i høyet. Da kanskje dæm berre gjømt tennern inni høyet da!”

“Jaha?”

“Ja, men tenk da mamma, om det kom ein gut uten tenner og hoppa i høyet da! Da kanskje hann fekk munnen full tå tenner da!”

;)

Fyrste skuledag

Monday, August 18th, 2008

Even har hatt sin fyrste skuledag i dag. Det var spennande for både han og meg …

Ganske mange sommarfuglar i magen, trur eg.


Humøret hans betrar seg mykje medan vi ventar på å få gå inn. Her gjer han jo til og med triks til ære for fotografen!

Då vi endeleg kom inn, vart det litt for mykje prating før det hendte noko spennande …


Men endeleg fekk han fram og helsa på undervisningsinspektøren og ein av lærarane!

Even vart kjempeglad då hans gruppe, prestekragane, fekk ei faddergruppe som stesyster var ein del av. Det gjorde dagen enno betre (og tryggare …)!

Han var fornøgd då dagen var over, og samstundes gler han seg visst til å gå på skule i morgon. “Å du får itj vårrå me mæ inn assa mamma, æ vil gå sjøl!”

Og attende står mamma, som har sendt minsteguten sin ut i verda, med ein stor klump i halsen … Lykke til, vesle mann. Må verda vera god mot deg. Det fortener du!

Førre helg/Last weekend

Friday, January 25th, 2008

Har hatt bloggepause nokre dagar no, men eg kjem sterkare attende. ;)

Førre helg hadde vi barneselskap for Even på laurdag, noko han sette stor pris på.
Indianerøksa var ei av gåvene han fekk, og han slapp ho ikkje ein gong for å ete …

Last weekend we were celebrating my son’s birthday on Saturday. He had invited some of his friends from kindergarden, and it seems they were having a good time.

Vi hadde fisking etter godteposar, og Even og ei venninne sit i vindaugskarmen og nyt “fangsten”.

På søndag hadde vi berre “kosedag” der vi mellom anna gjekk tur i strålande ver:


Sunday we took a walk in the nice weather just to relax.

5 år!

Monday, December 31st, 2007

I dag er Even 5 år. Her leiker han med den nye hesten og stallen han fekk frå oss her heime. Frå gudmor og gudfar på Fauske fekk han ein flott strikkegenser som eg trur han skal pynta seg med i kveld, så det dukker nok opp bilete av den òg. Elles kjem nok dei fleste gåvene i laupet av morgondagen, då vi (som vanleg) feirar både Hulda og Even sin dag.

Even sin lykkedag

Monday, December 3rd, 2007

I barnehagen til Even har dei pepparkake-kalender. I fjor gjekk det så vidt eg hugsar ganske langt ut i desember før Even fekk kake, men i år vart det rettare. Då eg henta han i dag, viste han stolt fram denne pepparkakemannen! Det einaste som fekk han frå å ete den opp på heimturen, var at eg skulle ta bilete, men som de ser var det vanskeleg å halda fingrane unna sjølv den korte stunda. Eg og Hulda fekk og smaka, og på kjøkkenet ligg det to små bitar som skulle vere til Tor Inge når han kjem frå arbeid i kveld.

Forresten: Eg set stor pris på kommentarar frå alle som er innom, og må innrømma at eg er litt fornærma over gjengen på Lovund som har vore innom seinast i dag utan nokon gong å leggje att kommentar. Eg ser dykk nok! Hah!! ;)

Evens ønskeliste

Thursday, November 29th, 2007

I går ba eg Even fortelje kva han ynskjer seg til jul, og her er lista for interesserte:

* Ungar
* Jesus
(ikkje spør; eg veit rett og slett ikkje kva han meiner!)

* Tre-klossar
* Barbie-hest og -dokke
* Doktorsaker
* Lynet Mc Queen
* Skjelettmaske
* Klede

Dersom det dukkar opp fleire ønske, skal eg prøve å hugse å oppdatere. :)

Gut på tur

Tuesday, October 9th, 2007

Even og fire andre av dei eldste i barnehagen skal på hyttetur i Vera og liggje over ei natt. Even var oppsatt på å ha med seg fiskestanga, så her ser de han klar for tur; sekken på ryggen, sovepose i ei hand og fiskestanga i den andre. :)

Kosedag

Tuesday, September 25th, 2007

I dag har eg kveldsvakt, så Even har vore heime saman med meg på formiddagen. Veret var strålande i dag, så vi har hatt litt av kvart å gjere. Even har renska fuglekassa slik at ho er klar til neste år.

I år budde det ein fluesnapparfamilie der. Kanskje dei kjem att til våren?

Vi gjorde og eit forsøk som potetbønder i år og sette 6 potetar, men “åkeren” har vore neglisjert heile sommaren. Eg og Even tok for oss tre av plantane i dag, og sanneleg hadde det vorte potetbabyar! Her er den største og den minste poteten:
Til saman fann vi 13 potetar, og det synast eg er ganske bra. Dei tre siste plantene skal vi grave opp til helga når resten av ungane kjem, tenkjer eg.

Og etter arbeidsøkta smakte det visst godt med knekkebrød med geitost på! (Eg derimot, held meg til den vanlege fløytemysosten …)

Men no må vi hiva oss rundt; eg skal snart på arbeid. Men det var godt å ha fri ein formiddag!