februar 21st, 2008

Har strikka to baggy luer som skal få nye eigarar i dag. Hulda og ein ballong står modell…

Two baggy hats that I’ll give away today. My daughter is modelling with a balloon. These are my contribution (so far) for Loose Knit Group february.

Posted in bloggings | 2 Comments »
februar 19th, 2008

Dei fyrste “moltevottane” vart ganske små, så eg har strikka eit par til, litt større denne gong.

Er like nøgd med desse som med dei førre, og kven som skal ha dei er allereie avgjort.

The first pair of flower mittens were quite small, so I made a larger pair. It’s a present, by the way …

Posted in bloggings | 1 Comment »
februar 14th, 2008

Då eg stod på kjøkkenet og laga kakao til jentungen som er på skitur med klassen i dag, dukka plutseleg denne opp ved sida av komfyren: Valentinsgåve!!! Og eg hugsa ikkje ein gong at det var valentinsdag! Eg måtte naturlegvis foreviga pakka før eg åpna ho. Mannen berre rista lett på hovudet og sa “jaja, du er tross alt ein bloggar …”

Då eg åpna pakka, fekk eg prov for at mannen høyrer kva eg seier, iallfall ein gong i blant, for der låg denne vesle lekre saken:
Ei lita, nett klokke som passa perfekt på ei smal arm. Lekker, ikkje sant?

Got a valentines day gift from my man. A really nice, small watch that fits my wrist perfectly!

Posted in bloggings | 3 Comments »
februar 11th, 2008

Har det verkeleg gått ei veke sidan førre oppdatering? Tydelegvis! Førre veke var ganske rotete eigentleg, for eg var på arbeid annakvar dag. Hadde gledd meg på fri søndag, men måtte på arbeid likevel, så det har liksom ikkje vore noko samanhengande fri den siste tida, noko eg vanlegvis har i og med at eg har berre 50% fast stilling. “Men nu går alt så meget bedre”.

I laupet av veka vart eg ferdig med ein halsvarmar til meg sjølv. Eg tok utgangspunkt i oppskrifta frå Drops, men brukte litt tjukkare garn og pinnar, nemleg det herlege Merino Alpaca frå Shibui Knits som eg fekk i pakken frå Nyheitsklubben til Strikk Innom

Halsvarmaren vart både mjuk og varm, så då Even fekk ein lei hoste på torsdag, gjekk det slik:
Om ikkje anna vart han iallfall betre, og eg fekk eit flott bilete!

I knitted this neckwarmer for myself in Alpaca Merino from Shibui Knits, but when my son started coughing, this was the result …

Fredag var forresten denne guten på innskriving på skulen. Han skal byrja i fyrste klasse til hausten. Vesleguten min! Han er kanhenda ikkje så liten lenger, eigentleg ..?

I går var det morsdag, og i staden for kaffi på senga, måtte eg på arbeid, men eg tok det då att likevel. Laurdag fekk eg desse vakre tulipanane av mannen, og søndag fekk eg ein flott pakke frå Hulda:
Lekkert, ikkje sant?

Yesterday we celebrated mother’s day in Norway. From the man of the house i got flowers, and my daughter had made me a lovely present. I feel lucky! :)

På pinnane har eg no eit nytt par moltevotter, litt større denne gongen, for dei førre vart veldig små. Dette paret skal nok bli gåve.

Posted in bloggings | 7 Comments »
januar 31st, 2008

Hugsar de postinga mi om migrene? Iallfall, i går var eg til legen min og samtalte om medisinar og slikt, og han ville eg skulle prøva denne:
Så no er eg nesten spent på neste migreneanfall for å sjå om det virkar! (Og då har eg ein mistanke om at det vert lenge til neste anfall, for dei kjem sjeldan når ein ventar på det)

I’m suffering from migraine, and yesterday I saw my doctor to discuss medication. I ended up with this nasal spray, and I’m almost looking forward to next attack, to see (if) it works…

januar 30th, 2008

Eg rakk faktisk å laga nok eit par vottar i laupet av januar. Kopierte ideane frå vottane på denne sida, men modifiserte dei litt. Det er nokre småfeil, så desse hamnar neppe i gåvekorga, men det vert nok ikkje det siste paret eg strikkar, for eg likte dei kjempegodt!

Strikka i Viking Superwash.

I managed to make a second pair of mittens for January. There are some small mistakes in the pattern, so I’ll probably keep these for myself, but I enjoyed the pattern, so this will not be the last pair.

I got the pattern by trying to copy the mittens on this page, but I have modified it a bit. Knitted in Viking Superwash.

januar 30th, 2008

Hege var så snill å gje meg denne, og eg vart lykkeleg! :) Hege fortener eigentleg denne sjølv, ho er blant dei som i tillegg til å skriva gode innlegg òg tek seg tid til ein runde rundt i bloggane “berre” for å ønske god helg. Tusen takk, Hege!

Hege was so kind to give me this award. Actually she deserves it more because of her great postings and her kind words in comments ommy blog-posts. Thank you so much, Hege, you made my day!

januar 26th, 2008

Eg har strikka hjartevottar til januaroppdraget i “A loose knit group“:

I’ve finished the mittens for January in “Loose knit group“. Pattern by: Me. Yarn: Something old (wool) …

Mønsteret har eg “mekka sjæl” og garnet er noko gamalt ullgarn eg hadde liggande.

januar 26th, 2008

I dag har eg, mannen og hunden vore på skitur i marka her vi bur. Like utanfor døra her heime ser det ikkje ut til å vere skiføre, men vi skulle ikkje langt oppover før det var snø. Mykje snø:

The children are away this weekend, so the man and I decited to go skiing. We didn’t think there would be much snow, but I guess you can see we were wrong …

Vi gjekk opp til Leklemsvatnet, og rett over vatnet. Mannen og hunden fyrst (slik at mannen kunne brøyte løypa), og eg etter. :)

We went up to a lake nearby and crossed it.

På den andre sida av vatnet er det ein leirplass med gapahuk. Vi har ønska oss dit lenge, for vi ser det frå “vår side”, men om sommaren er det langt å gå rundt vatnet.

Leirplassen heiter Finnheimen, og var ein samisk buplass fram til omlag 1900.(Slik ser det forresten ut ved Finnheimen om sommaren)

On the other side of the lake there’s a camping site called Finnheimen.

Tor Inge laga bål og vi grilla brødskiver og drakk varm sjokolade. Mmmmmm! Både folk og hund var samde om at dette var ein fin måte å tilbringa ein laurdag på, sjølv om alle tre var relativt slitne då vi kom heim.

Tor Inge made a fire, and we grilled sandwiches and drank hot cocoa. Nice way to spend a Saturday.

Posted in bloggings | 3 Comments »
januar 25th, 2008

Har hatt bloggepause nokre dagar no, men eg kjem sterkare attende. ;)

Førre helg hadde vi barneselskap for Even på laurdag, noko han sette stor pris på.
Indianerøksa var ei av gåvene han fekk, og han slapp ho ikkje ein gong for å ete …

Last weekend we were celebrating my son’s birthday on Saturday. He had invited some of his friends from kindergarden, and it seems they were having a good time.

Vi hadde fisking etter godteposar, og Even og ei venninne sit i vindaugskarmen og nyt “fangsten”.

På søndag hadde vi berre “kosedag” der vi mellom anna gjekk tur i strålande ver:


Sunday we took a walk in the nice weather just to relax.

Posted in bloggings | 2 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper