juli 26th, 2008

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

(Frå “Ord over grind” av Halldis Moren Vesaas)

Posted in bloggings | 1 Comment »
desember 31st, 2007

Så kom boka til mamma ut til sist! Oddvar fekk gjeve ho ut på eiga hand,og vi er kjempestolte!

Biletet er lånt frå oppslaget Trønder-Avisa hadde om saka. (Riktig nok inneheldt det faktafeil, men det får stå sin prøve … )

For interesserte: Boka kan kjøpast ved å kontakta Oddvar eller meg, og ho kostar kr. 250,-

I tillegg ligg ho ute på nokre bokhandlarar på Steinkjer, Levanger og Verdal.

Posted in Ukategorisert | No Comments »
desember 10th, 2007

Mamma hadde ein fin tradisjon som er god å minnast no når ho er borte: Ho brukte å senda eit adventsdikt og eit kalenderljos til oss ungane før 1. desember kvart år. Som oftast skreiv ho adventsdikta sjølv, og det er eitt av desse eg ynskjer å dela med dykk. Eg håpar de vil lika det, men hugs; spør om lov før du brukar det sjølv.

Barnet

Han går der
og feier i stallen
må finne litt ro
for sitt sinn.

For slekt er kommet
fra fjern og nær
og alle er gjestfritt
bedt inn.

“Alt folket” skulle jo telles
slik lød keiserens ord
og var en, som han,
av Davids ætt
fikk en dele sitt
hus og sitt bord.

Kvinnene styrer og steller
så alt er såre vel
Selv måtte han ut
det er noe som hender
han vet ikke hva
bare noe han kjenner
han venter på noe i kveld.

Da ser han ute i gata
et par som sårt trenger ly,
og han vet godt
at i tider som nå
er det trengsel i Davids by

Han skynder seg ut
og ber dem
inn i sin lune stall
så får kvinnene komme
med kluter og vann,
og slikt som er kvinners kall.

For her skal det fødes
et barn i natt
det kan han da tydelig se
og med tepper og halm
gjør de leiet i stand
der hun synker
takknemlig ned.

Så sitter han ute og sanser
nattens åndedrag.
En stjerne lyser om stallen
nesten som om det var dag.

Han bader ansikter i dens glans
og føler at noe skjer;
naturen venter sammen med ham
det er som om jorden ber - - -.

Men underligst er det med barnet,
som ligger så trygt hos sin mor.
Da det løfter blikket og ser på ham
blir han fylt av en glede - så stor!

Hans øyne ser,
hans hjerte vet,
men selv fatter
han ingen ting.

- Et barn - og all
denne kjærlighet
som varmer
alle omkring ?

Og øynene følger ham
hvor han går
til sist inn i
drømmenes land.

Der ser han at barnet
smilende står
med stjerneglans
i sitt mørke hår,
og varmer den
hele verden
med sin lille, mektige hånd.

Posted in bloggings | 2 Comments »
oktober 11th, 2007

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er “brystkreftmånaden” får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura - lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava “for salt og sul”
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela - - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!

september 5th, 2007

Av og til dumpar ein borti ting på nettet som set seg fast, og på sida til Helle fann eg ein slik ting. Helle deler dikta sine med oss, og dette var verkeleg verdt å lesa og å hugsa …

Posted in Ukategorisert | No Comments »
august 16th, 2007

Mamma var ein diktar. Ho skreiv heile livet, og ho skreiv godt. Dikta hennar er att etter ho, og eg har mange av dei lagra på datamaskina. I desse kan eg finna trøyst og von når eg treng det, eller eg kan la tårene trilla og kjenna på saknet viss eg ynskjer det.

Etter å ha lese nokre bloggar i samband med Oktoberrosa-aksjonen, kom eg til å minnast eit dikt mamma skreiv, og det ynskjer eg å dela med dykk. Håpar de òg likar det, og at de spør om lov dersom de sjølve har lyst til å bruka det til noko.

Hvis jeg fikk leve -

Posted in bloggings | 8 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper