mars 15th, 2008

Tilfeldig ramla eg innom bloggen til Flopsy, og då vart eg merksam på eit ordskifte som har gått meg hus forni, nemleg “problemet” om sorg er ein diagnose, eller med andre ord, kan sorg gje rett på sjukemelding med tilhøyrande sjukepengar?

Olav Gunnar Ballo som er lege uttalar at “Å gjøre sorg til en diagnose fører til en sykeliggjøring av sorgbegrepet” og “Hvis vi aksepterer sorg som en diagnose, frykter jeg det kan skli ut, slik at folk ikke går på jobb ved nesten enhver tilstand som har med dødsfall å gjøre” (Aftenposten nettutgåve 15.03.08) Dette er TØV, Ballo! Dei fleste menneske eg kjenner, er meir interesserte i å vere på arbeid enn å vere heime med sjukemelding. Jada, det finnast unnatak, og det vil det alltid gjere, men for all del; det er allereie hundrevis av diagnosar ein kan nytta dersom ein absolutt ikkje ynskjer å vere på jobb!

Å gjere sorg til ein eigen diagnose, og ikkje pakka det inn som (eller saman med) noko anna (per i dag står sorgreaksjon oppførd i OCD 10 under diagnosekode F 43.2 “Tilpassingsforstyrrelser”)

Eg seier meg samd med Olafsson som i Aftenposten seier at han “kunne gjerne tenkt seg at man kalte en spade for en spade og beskrev en person som nettopp hadde mistet en som var kjær for “sørgende” og ikke eksempelvis som “deprimert”.”

*applaudere*

Posted in bloggings | 3 Comments »
mars 7th, 2008

Dersom du har lyst til å lese nokre gode blogginnlegg i laupet av helga, kan eg tilrå desse i fyrste omgong:

Hjorten skriv om kriminalitet i Noreg og Utlandet, og Betty har ei ganske så fornøyeleg historie om ein cowboy.

Sjølv skal eg halda fram med selbusokkane og kosa meg i frihelga mi.

God helg!

Posted in bloggings | 2 Comments »
februar 2nd, 2006

Så fekk eg ein god grunn til å oppdatera bloggen; Ellen har tagget meg!

Fire jobbar eg har hatt:

Avisbud -då eg var ung …
Ekstrahjelp på dyrebutikk
Mobiltelefonselgar (usj …)
Reinhaldar

Fire filmar eg kan sjå omatt:

Pulp fiction
Heat
From Dusk Till Dawn
Training Day

Fire stader eg har budd:

Risvollan i Trondheim
Hovslundvegen på Orkanger
Jådåren i Beitstad
Halsanvegen på Levanger

Fire TV-serier eg liker:

Frustrerte fruer
Seks fot under
Den tredje vakten (men den får eg ikkje sett så ofte på grunn av at det går så seint på kveldane og eg har ikkje DVD-spelar med opptak …)
Kan eg kalla Nytt på nytt ein serie? Ja, eg gjer det! Så den fjerde “serien” er altså: Nytt på nytt. :)

Fire matrettar eg liker:

Biff med røsti-potetar og soppstuing
Super Nachos etter oppskrifta til Lasse
Laks med rømme og agurksalat
Kalkun med saus som stefaren min lagar

Fire nettsider eg er innom dagleg:

http://www.google.no
http://www.adressa.no
http://www.dagbladet.no
http://www.lassedahl.com/

Fire ting eg vil gjere før eg døyr:

Danse swing med Tor Inge
Gifte meg (vonleg med same mann som over)
Dykke
Skyte elg

Fire personar eg sender dette vidare til:

Anita som definitivt treng noko å skriva om i bloggen sin …
Ketil, avdi han oppdaterer for sjelden
Preludia -undrar litt påkva ho kjem til å svara?
Hilde som ikkje har oppdatert bloggen sidan i oktober :)

Posted in bloggings | 3 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper