Ævve!

I eit eller anna innfall der eg heilt tydeleg trudde eg var mjuk og akrobatisk, kasta eg meg ned i senga i går, og sikta på armkroken til gubben … Og bomma! Eg høyrde ein ekkel knaselyd ein eller annan stad i nakken, og i dag kjenner eg at Noko Er Feil. Her sit eg med rispute over nakken, murrande hovudverk og svimmelheit og ber ei stille bøn om at det skal gå over. Eg er trass alt nyleg friskmeldt etter skulder-ævven min!

Novemberhimmel i brann

Måndag kveld såg det slik ut her:

Bileta er teke frå trappa her heime. Eg elskar denne utsikta!

Bathat in Wisconsin!

By linking to me, Cathy-Cate brought to my attention that she was knitting the bathat. When I saw it finished today, I was so proud. Maybe I’m a bit childish, but the thought of my design beeing used in other parts of the world really makes me happy! And with such a cute face under the hat, it sure is good PR. ;)

Want to knit one too? You can find the free pattern here (or download from ravelry). And as you see, a simple link back to me makes me (ridiculously) happy.

Trufaste lesarar!

Bloggurat fann eg ei liste over “Flest besøk per besøkende”, og der er det tydeleg at eg har ein trufast liten skare!

Nett no er eg på plass nr 22, og dette tyder; 1.84 besøk i gjennomsnitt fra 141 forskjellige besøkende siste syv dager.

Eg er nøgd eg! Takk for at de kjem attende! :)

(Elles kjenner eg at eg ikkje har stort å melde for tida. Eg er litt oppteken i meg sjølv. Det er november. Det vert betre om ei stund!)

Ny strikk!

Eg har strikka meg ein hals av det fantastiske garnet Complice og Fuori di testa frå Tropical Lane som eg kjøpte hjå Sofies garn. Eg er ikkje spesielt glad i å bli teken bilete av, men no får de altså sjå både den nye halsen og den nye frisyren eg fekk torsdag:

Halsen er veldig enkel å strikka, ei lang remse der kortenden til sist syast fast på starten av langenden. Dårleg forklart, men de får spørra om de treng det! :)

Ha ei fin veke alle saman!

Halloweenungar

Slik såg mine ut fredag kveld:

Var dei ikkje flotte? :)

Laurdagsstille

Mari har vore flink og både handla, rydda, vaska og tørka støv, og i tillegg blogga om dette allereie klokka halv ti i dag! Sjølv har eg tørka av stuabordet og funne ut at eg skal ha meir talglys enn elektriske lys i kveld …

Monica, the early years

Pappa har gjort ein kjempejobb med å få gamle bilete over i det digitale formatet, og difor kan eg dela med dykk; Monica, the early years!

Den stolen eg står ved, var eg borti i dag. Den er ganske liten, så i det perspektivet skjønar eg kor lita eg var då! (Oddvar; er det ikkje denne stolen du kviler foten din på no etter meniskoperasjonen då?)

Når eg ser dette biletet, ser eg forresten at Even er meir lik meg enn eg trur innimellom. :)

The Busserulls! Som de ser, var mødrene i gata fornuftige; naboguten har raud sykkel og raud busserull, eg har blå sykkel og brun (truleg heimesydd) busserull. Likevel leikar me her at guten er rednings”bilen” som kjem og hentar “bilen” min når den har gått sund …

17. mai for 100 år sidan. Eller iallfall i førre århundre. Mamma har sydd kjolen min, og eg kjenner meg fin! Rekner med at Asina-flaska venta ikkje alt for langt unna. Og i og med at eg ser presentabel ut, har vel neppe det årlege potetløpet funne stad enno!

Er ikkje dette eit flott bilete av meg og mamman min?

Fiskerjenten?

Denne hatten (trur eg)vart laga på grunn av at barnehagen hadde “rare hatter” som tema i barnetoget på 17. mai. Som de ser, syntest eg hatten var meir fin enn rar!

No har de fått eit lite glimt av meg som lita. Håpar fleire gjer som meg og deler sine tidlege år med resten av bloggeverda! :)

Decluttering veke 14, 15 og 16 av 52

Takka vere Annette hugsa eg at eg har forsømt declutteringspostane den siste tida. Kva eg har kasta? Tja, sånn i farta er det ikkje lett å minnast, men eg skal gjere eit forsøk på å skrive ned noko av det:

  • øydelagte hårstrikk
  • klinkekuler ingen plukker med seg frå badegolvet …
  • knappar som er øydelagte
  • diverse frå kjøleskapet, noko av det kom nesten gåande av seg sjølv ;)
  • sokker med hol i
  • papir frå “sjå igjennom seinare”-haugen

Det var alt eg hugsa i farta, men det har då definitivt vore litt!

Takk for påminninga Annette!

Apropos skuldra

Eg har jo ikkje vista fram kva som var det siste eg strikka, men her kjem det:

Eit lite sjal som varmar godt over nakken og skuldrene.

The latest from my knitting; a shoulderwarmer shawl. Knitted in Kauni. I used approximately 100 g. I love this shawl. It keeps me warm, but it’s small enough to wear everywhere.