Grublaren
Sunday, September 28th, 2008Eg er mor til ein liten grublar. For tida er han litt oppteken av tenner og tannfeen. Sjølv har han (til si store sorg) alle melketennene intakte, og difor opptek det han litt dette med glaset med tann i som vert til pengar over natta.
I dag grubla han seg inn på dette sporet:
“Mamma, tenk på før i tia, da. Da hadd dæmm jotj ein gong glas å lægg tanna i!”
“Nehei?”
“Nei, da trur æ nok dæm la den under puta. Det trur æ, ja”
“Ja, kanskje det …”
“Eller, nei, du veit det mamma, at dæm hadd jotj puta heller før i tia. Da låg dæm jo i høyet. Da kanskje dæm berre gjømt tennern inni høyet da!”
“Jaha?”
“Ja, men tenk da mamma, om det kom ein gut uten tenner og hoppa i høyet da! Da kanskje hann fekk munnen full tå tenner da!”
![]()
