august 12th, 2008
I 2002 publiserte eg ei oppskrift på “Heit haustgryte”, men på grunn av redirect-funksjonen, greier eg ikkje å få fram denne oppskrifta att, så her kjem ho i ønskereprise, sjølv om det kanhenda er berre eg som ønsker.
Sånn heilt ærleg: Eg er dårleg med supper. Eg skulle jo laga suppe til middag, men resultatet vart litt for tjuktflytande til at eg kan kalla det suppe. Likevel, godt vart det. Og sterkt! 
Heit haustgryte:
150-200 g kjøtdeig
1 fedd kvitlauk
1/2 purrelauk
1 grøn chilipepar
1 boks salatbønner
1 boks hakka hermetiske tomatar
8 dl vatn
mjøljamning til passe konsistens
Creme Fraiche
Krydder etter smak (sjølv overdreiv eg chilien litt denne gongen …)
Gjer slik:
Brun kjøttdeig i ei gryte. Tilset purre og kvitlauk og chilipepar og la surra litt før du har i bønner og tomat.
Når dette er samankokt tilset du 4-5 dl vatn. Resten av vatnet nyttar du til å få ei passe jamning på gryta etter at det har kokt i 5 minutt.
Lag mjøljamning og hell i gryta. Hugs at mjøljamninga må koka i eit par minutt før du ser effekten. Når maten har passeleg konsistens, smak til med krydder (chili, oregano, salt, basilikum …) og creme fraische.
Server med baguettar, rundstykke, loff eller andre gode, ferske brødvarer.
august 11th, 2008
Her er eit knippe ferieminne frå veka i Jøssund i Flatanger:
Even har underhaldning i ein traktor!
Og Tor Inge har underhaldning i GPSen sin.
Sjølvportrett!
Blankare vert det nesten ikkje …
Men attom oss ligg styggveret!
Båtførar med navigatør(ar).
Rekeaften. Det låg rekebåt ved kai i Lauvsnes då vi var der på handletur, og desse rekene var kjempegode!

I Sætervika på dagstur
I Sætervika låg båten Christoff som leikebåt for ungane.
Nokon har dekorert ein vegg med minne.
Flotte sandstrender nær Sætervika.
Denne kroken hadde Tor Inge klokkartru på. Innkjøpt i Sætervika, og skulle gje storfisk i Jøssundfjorden. Det einaste som beit på var denne flyndra.
Berga i Jøssundfjorden er mektige. Og dei går 100 m rett ned under vatnet òg!
Ein liten fiskarmann.
Vi køyrer mot kaia i Jøssund.
Ungane skulle testa flytevestane i kulpen nedanfor fossen.
Vatnet har danna ei hjarteform på berget.
august 11th, 2008
Etter ei veke på ferie, er det på tide å decluttera litt på etterskot.
30 av 365: Ei flaske Dove Self Tan. Eg kunne ikkje ha vore vaken. Eg likar ikkje Dove sine produkt, og denne var ikkje noko unnatak.
31 av 365: Når jentungen har så store hol i buksene sine at sjølv ho skjemmast, er det på tide å kasta dei …
32 av 365: Eg har hatt ei bukse liggande i skapet i fleire år, men ikkje brukt ho på dei to siste på grunn av den elendige passforma. Det einaste positive eg fann med ho var at det var ikkje mindre enn 11(!) knappar på ho, så desse er spretta av og ligg i knappeboksen. Resten av buksa er lagt i “reste-tøy-korga”.
33 av 365: Guten har ein longs som har sett sine betre dagar. Hola på knea er så store at då han skulle ha den på på fisketur, kom foten ut gjennom det holet i staden for der foten skulle vera. Kasta!
34 av 365: Ein gamal kjekspakke får reisepass frå kjøkkenskapet. Den har lege lengst inne lenge og er ikkje noko eg kan tenkje meg å servera …
35 av 365: Ei gratisbok (som har vore med i eit eller anna vekeblad) er kasta i papirsøpla.
Og vips, så har eg teke meg inn att! Dette går jo strålande, sjølv med ei veke ferie. 
august 10th, 2008
ulesne innlegg i “google reader” tyder på at ein har vore på ferie.
I dag kom vi heim frå årets “store” ferietur: Ei veke på aker-hytta i Jøssund. Jøssund er ein idyllisk liten plass i Flatanger, og verkstadklubben ved Aker Verdal eig ei hytte der.
Vi kom dit på måndag 4. august, og dagane har gått overraskande raskt. Akkurat som for to år sidan vart det merkeleg nok for lite med ei veke. Det er så mykje ein vil gjere på denne veka, men vi har iallfall fått kost oss med fisking (med godt resultat), fotturar, og dei tøffaste har til og med bada i elva. I tillegg har vi sett film, spela playstation og ete masse god mat. Og vi har vore Utilgjengelege, for i Jøssund finnast det ikkje forhald for mobiltelefon, noko som faktisk er veldig godt. (Det einaste eg sakna sånn bittelitt var internett. Eg innrømmer det, men eg seier det ikkje så høgt …)
Kjem attende med bilete litt seinare. Er framleis i utpakkinga. Dessutan har eg 287 blogginnlegg å lesa.
august 5th, 2008
Når ein fyrst er i gang(en) er det kjekt å sjå over anna ting, som til dømes sko. Eit par sko minstemann har hatt er både alt for små og utslitne, så dei kastar eg.
august 4th, 2008
Eg har hatt ei jakke hengande i gangen lenge. Den vart kjøpt rimeleg for nokre år sidan, og er litt for stor. Ei venninne av meg vart kjempefin då ho lånte den jakka, så no er det på tide at jakka skiftar eigar.
august 3rd, 2008
Laurdag var vi på blåbertur. Vi var heldige og fann mykje ber like ved vegen. Veret var bra, og det vart ein flott tur, sjølv om ikkje alle hadde bøtta full:

Skogens konge såg vi òg. Eller iallfall ein som trudde han var det:

Spisepause med brødskiver, saft og kaffi:

Ikkje minst vart det godt resultat, med til saman omlag 25 liter ferdig reinska ber!

august 3rd, 2008
Kjøleskapet vårt inneheld det mest utrulege, og her var det verkeleg naudsynt med ei opprydding. No veit eg kva me har, og matvarene er sortert i hyllene. Det gjorde utruleg godt!
august 2nd, 2008
Eg rydda rommet til Even, og der var det mellom anna ein god del “Donald-leiker”, dvs slikt som har vore med i Donald-blad. Dei fleste av desse er artige i omlag 2 dagar, og så tek dei berre opp plass. Ein god del av desse tek iallfall ikkje opp plass i heimen min lenger. 
august 1st, 2008
Eg vil òg sjå solformørkinga, men det ser ut til at skyene vinn …