Skogtroll
Torsdag sendte vi ungane til skogs. Eller, det er ikkje heilt sant. Dei sendte seg sjølv. Dei hadde prata om å ligge i telt ved Leklemsvatnet, som er denne perla her:

Torsdag kveld vart vi med dei oppover og sette opp teltet, og eg trur ungane storkoste seg. Då eg kom fredag morgon i halv ti tida, såg det rimeleg rolig ut:

Då dei hadde vakna, vart det grilling og morgonbad:
Sjølv nytta eg høvet til å plukka blåbær og gå på fotosafari

Ungane kom heim att heilt av seg sjølve klokka 13:30 fredag, fornøgde med overnattingsturen.

July 26th, 2008 at 12:56 pm
Så tøffe unger dere har, det begynner jo å bli litt mørkt om natta nå. Forresten synes jeg foreldrene er litt tøffe, også…..
July 26th, 2008 at 3:55 pm
Synnøve: For å seie det enkelt; eg sov nok dårlegare enn ungane den natta.
July 26th, 2008 at 5:22 pm
Håper mine unger vil bli like tøffe som dine med årene!
Og jeg tror nok at jeg hadde sovet ganske dårlig jeg og hvis mine unger var på telttur alene.
Ha ei flott helg!
July 26th, 2008 at 9:40 pm
Hege: Så mykje som de er ute i skog og mark, er eg viss på at ungane dine kjem til å gjere det same som desse gjorde. Og du kjem nok til å sova like lite som meg.