Klesskapet er rydda. Iallfall 3 av dei 4 hyllene. Der låg det ting eg ikkje har sett sidan sist eg rydda klesskapet … Vel, mange av desse fekk plass i ein søppelsekk som skal til Fretex. På denne måten kan eg kvitta meg med kle med godt samvit.
Eg må seie eg har fått eit litt anna syn på ting når eg heile tida har decluttering i hovudet.
Dette var 10 av 365. No er det berre 355 att. (Eigentleg kan denne dagen telja for fleire, men eg trur vi kallar det ein dag. Det er sikkert nok av andre objekt eg kan kasta seinare)
Eg såg forresten Kaoskontroll på Nrk1 i går. Eg trur dette prosjektet forhindrar meg i å få det like fullt som dama der hadde det.