… på ein tysdag. Eg er ikkje i form for tida. Tjukk i halsen, snørrete, eg nys og ikkje minst synast eg synd på meg sjølv. I går var egfor fyrste gong etter eg byrja i jobben min for snart eit år sidan borte på grunn av sjukdom. Når eg tenkjer meg om, er det vel den fyrste eigenmeldinga eg har nytta i jobbsamanheng i livet så langt. Men det var faktisk mogleg å gjere det. Så til saka! (Går)dagens farge er oransje:
Utsikta frå trappa mi i september i fjor. Bjørka har kledd seg i haustfargar.
Og enno eit oransje bilete:
“Husmorforkleet” mitt som mamma både har sydd og i tillegg brukt sjølv. Eg ser at bakgrunnen ber preg av at dette er midt i julestria.
Takk til Annette som drog i gang Mondays in rainbow!