mai 8th, 2008

Det er aldri for seint å læra seg noko nytt, tenkte eg, og sette meg til ved mamma si gamle symaskin. Og sanneleg, etter mykje prøving og feiling, greide eg å laga noko som liknar ei veske:

I pur glede måtte eg jo berre nytta det bandet eg fann mellom mamma sine gamle stoffrestar til skulderreim, og tru meg; då veska vart ferdig, kjente eg meg verkeleg som “No 1″!

Framleis har eg mykje å læra og masse prøving og feiling, men eg gjer nettopp det då. Prøver og feiler, syr og spretter opp att …

I dag prøvde eg meg på ein liten pung med glidelås:

Ikkje så verst, synast eg sjølv. Problemet er berre at eg slett ikkje kan sy. Dvs eg kan ingen teknikkar, eg veit ikkje korleis det skal gjerast. Og eg angrar fælt på at eg ikkje ville (eller hadde interesse av å) lære meg dette då eg enno hadde mamma til å hjelpa meg … Samstundes ser eg jo at det er mogleg å finna ut av ein del på eiga hand, og så lenge er er positivt innstilt, vil det vere mogleg å greie det meste!

(Forresten: Dårleg kvalitet på bileta kjem av manglande kamera, så eg nyttar mobilen)

Posted in bloggings | 6 Comments »
  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper