Eg skal på kveldsvakt i dag, og har åtvara mannen om at det ikkje vert gjort noko husarbeid i dag. Eg er LAT! Og tek meg lov til å vere det. I staden for å gjere noko fornuftig, sit eg krølla opp i sofakroken med dette: Mitt fyrste forsøk på selbusokkar. Naturlegvis hadde eg ikkje garnet som eigentleg stod i oppskrifta, men eg fann ut at dette var eit flott høve til å bruka litt av det utgamle Mor Aase-garnet mitt. Det er ull og akryl, og har vel ikkje vore i handelen på ganske mange år … Men det ser ut til å vere eit godt sokkegarn.
Elles har eg endeleg fått ferdig desse vottane som eg starta på i fjor. Dei har mangla knapp og heklekant, så ein kveld tok eg mot til meg og gjorde eit forsøk på hekling, og det vart då sanneleg ikkje så verst. Knappane fekk eg frå Sipusa i Hemmelig Sommervenn.
I går orka eg forresten heller ikkje å gjere noko fornuftig, så då laga eg klubb og duppe, for då vert mannen så lykkeleg at han ikkje tenkjer eit sekund på at det er det einaste eg har gjort den dagen.