Bea presenterte ei utfordring, og eg gjer eit forsøk!
- Eg er fødd i 1977
- Budde i Trondheim til eg var 10 år
- då flytta vi til Orkanger
- Difor har eg alltid problem når folk spør kvar eg kjem frå
- Men eg kjenner meg alltid heime der eg plasserer bøkene mine
- Med andre ord er bokhyller det fyrste møbelet eg set opp i ein ny heim
- Eg er fæl til å rote
- Og har vel eigentleg litt for mange ting
- Men eg synast det er triveleg slik
- Eg er stort sett fornøgd med korleis eg har det
- Men ser rom for forbetring likevel
- Eg er glad i høgtider
- Og gler meg til å pynte til påske
- Arbeider som sjukepleiar
- I turnus med arbeid dag, kveld og kvar tredje helg
- Har gått mykje skule
- men vart førebels ferdig 31. mai i fjor
- Og byrja arbeida 4. juni
- Frå fyrste januar i år vart vikariatet mitt gjort om til fast stilling
- Det gjer at eg kjenner meg trygg
- Eg er generelt alltid litt skeptisk til nye ting
- men eg våger prøva sjølv om eg i utgangspunktet er negativ
- Og veldig ofte vert eg positivt overraska
- Eg har to ungar
- og sambuaren min har tre
- Heilt sidan dotter mi vart fødd, har eg ønska meg ein stor familie
- Men no trur eg vi har ungar nok!
- “Minstemann” vert skulegut til hausten
- Jentungen vart nyttårsbarnet i Trøndeleg
- Og guten er fødd 31. desember
- Eg arbeider ikkje i den kommunen eg bur
- Men har berre i underkant av to mils arbeidsveg
- Det gjer at eg får tenkt ein heil masse
- Eg tenkjer veldig godt når eg køyrer bil
- Eg har ein Chrysler Voyager
- og har nesten gjort meg avhengig av automatgir
- Eg har alltid likt katter betre enn hundar
- men med sambuaren følgde elghunden Reico
- som eg har vorte veldig glad i.
- Eg pratar mykje
- men likar ikkje spesielt godt å stå framom forsamlingar
- likevel har eg ein tendens til å hamna i slike situasjonar.
- Eg er tolmodig når det krevst av meg
- men kan bli veldig sint dersom noko er urettvist.
- Eg har sterke meiningar
- men fornuft nok til å endra standpunkt viss det er naudsynt.
- Eg tek gjerne ein frisk diskusjon
- men får ikkje sove dersom eg ikkje har “rydda opp” i ein krangel.
- Eg har ikkje vore borte frå arbeid på grunn av sjukdom enno
- og kjenner meg veldig heldig som har god helse.
- Det einaste som er plagsamt er at eg har migrene
- men eg har endeleg funne ein medisin som fungerer for meg.
- Mamman min døydde 6. januar i fjor
- eg tenkjer på ho kvar dag
- og tek vare på dei gode minna.
- Eg har lett for å flira
- men tek lett til tårer når eg er glad eller rørt.
- Når eg er lei meg, vil eg helst ikkje at nokon skal sjå meg!
- Eg er psykisk sterk
- og flink til å ta livet som det kjem.
- For litt over eitt år sidan byrja eg å strikke
- og det ser ikkje ut til at eg greier å slutte med det fyrste.
- Når eg slapper av vil eg sjå TV
- eller lese bøker
- eller surfe på nett.
- Eg abonnerer på Familien
- og er medlem i tre bokklubbar.
- Er periodebrukar av biblioteket
- men leverer ofte bøkene (alt) for seint
- og må betale straffegebyr.
- Eg likar å handla på nett
- og er ikkje spesielt glad i å gå i butikkar.
- Eg kjøper det fleste klesplagga mine på salg
- og er ikkje spesielt flink til å plukka ut ting som passar til det eg allereie har i skapet.
- Difor har eg eit overfylt klesskap
- men ingenting å ha på meg.
- Går veldig ofte med dongeribukse
- men drøymer om å vere meir sofistikert.
- Ser opp til menneske som har ein gjennomførd klesstil
- eller ein stilrein heim.
- Eg har mykje unyttig kunnskap
- men òg mykje nyttig
- om veldig mange ting.
- Eg lærer raskt songtekstar
- og dikt viss det er på rim.
- Eg har ein brukbar songstemme
- og syng mykje med brukarane på sjukeheimen der eg arbeider.
- Det er viktig for meg å ikkje vere uvener med folk eg omgås
- men ikkje så viktig at eg gjer kva som helst for husfreda.
- Når eg meiner noko er viktig, kan eg gå gjennom eld og vatn for saka.
- Eg har nettopp bytta fagforeining
- så eg er medlem i Fagforbundet
- og meiner det er viktig å utjamna skilnadene i løn mellom menn og kvinner
- og at vi må arbeida for at AFP-ordninga vert like god i framtida som i dag.
- Eg er deltidsarbeidande
- og ynskjer meg ikkje full stilling enno
- men eg vil ha slutt på ufrivillig deltid.
- Eg er spent på framtida
- og fornøgd med livet fram til no.
- Og glad for at eg kom til 100 til slutt. Det vart ei veldig lang liste!
Tar du utfordringa?