mars 29th, 2008
Har strikka Spidey-vottar som passa til lua. Mønsteret fann eg her og garnet eg har nytta er Falk frå Dalegarn (same som på lua) og pinnar nr 2,75. Totalt brukte eg litt over eitt nøste raudt garn, men ikkje eit fullt nøste av korkje svart eller blått garn.
Håpar guten vert fornøgd når han kjem opp i morgon og ser desse!

I have knitted the “we call him spidey”-mittens from Kathleen Taylor’s freebies. I used needles UK size 2,75 and the yarn Falk from Dalegarn. Total amount of yarn used for both hat and mittens is no more than three skeins. (But I needed a little more than 1 skein of red, though)
mars 28th, 2008
I går ettermiddag var me på tur ved Marka skistadion i Leksdal med klassen til Hulda med foreldre og sysken. Hulda, Even og eg kom dit fyrst, og fekk fyra opp bålet. Det var flott ver, men då sola forsvann vart det kaldt for oss vaksne. Ungane derimot heldt varmen, så klokka hadde passert 19 før vi sette kursen heimover.
Personleg er eg litt overraska over min eigen glede over å vere ute i friluft. Ikkje berre gjer eg det for ungane sin del, men eg synast faktisk det er artig sjølv og.
Takk til alle ungar og vaksne for ein flott tur!
mars 21st, 2008
Endeleg har eg og påskeferie! No har eg fri heilt til tysdag, og det er herleg.
Påska starta forresten bra, måndag fekk eg hemmeleg ven-gåve som eg trur er frå Embla på Hobbyforum. Sjå alt det lekre eg fekk!
Den vesle toalettmappa er heimesydd. Flott handtverk. Eg vart kjempeglad! Tusen, tusen takk.
I går hadde eg ein fridag, og då var vi på Leksdal il sin skistadion. Det var litt kald vind, men det var sol, så vi fyra bål og grilla og storkosa oss. 
I går ettermiddag vart eg forresten ferdig med Spidey-lua (ravelry-link)til Even. Bilete-kvaliteten kunne ha vore betre, men dette er det eg har nett no.
Guten vart nøgd, og det er nok for meg.
Ha ei riktig god påske alle saman!
mars 16th, 2008
Etter at eg hadde vore på arbeid i går, kom eg heim til ein pakke! Mannen hadde vore og kjøpt siste bok i Millennium-trilogien slik at eg har noko å lese på i påska. Er ikkje eg heldig?!?
Det eg verkeleg er imponert over, er at han har forstått at ein pakke er mykje artigare å få viss den er innpakka og har eit kort. Det er det mange mannfolk som ikkje har oppfatta, men min har altså sett lyset. 
mars 15th, 2008
Tilfeldig ramla eg innom bloggen til Flopsy, og då vart eg merksam på eit ordskifte som har gått meg hus forni, nemleg “problemet” om sorg er ein diagnose, eller med andre ord, kan sorg gje rett på sjukemelding med tilhøyrande sjukepengar?
Olav Gunnar Ballo som er lege uttalar at “Å gjøre sorg til en diagnose fører til en sykeliggjøring av sorgbegrepet” og “Hvis vi aksepterer sorg som en diagnose, frykter jeg det kan skli ut, slik at folk ikke går på jobb ved nesten enhver tilstand som har med dødsfall å gjøre” (Aftenposten nettutgåve 15.03.08) Dette er TØV, Ballo! Dei fleste menneske eg kjenner, er meir interesserte i å vere på arbeid enn å vere heime med sjukemelding. Jada, det finnast unnatak, og det vil det alltid gjere, men for all del; det er allereie hundrevis av diagnosar ein kan nytta dersom ein absolutt ikkje ynskjer å vere på jobb!
Å gjere sorg til ein eigen diagnose, og ikkje pakka det inn som (eller saman med) noko anna (per i dag står sorgreaksjon oppførd i OCD 10 under diagnosekode F 43.2 “Tilpassingsforstyrrelser”)
Eg seier meg samd med Olafsson som i Aftenposten seier at han “kunne gjerne tenkt seg at man kalte en spade for en spade og beskrev en person som nettopp hadde mistet en som var kjær for “sørgende” og ikke eksempelvis som “deprimert”.”
*applaudere*
mars 12th, 2008
I går vart eg ferdig med Selbu-sokkane til Hulda. Det var eigentleg ganske spennande å strikke sokkar når det var med mønster, så dette vert kanskje ikkje det siste paret?

Yesterday I finished these socks with Selbu-pattern for my daughter. March project in “Loose knit group” was socks, and I’ve always said I don’t like knitting socks, but I actually liked it a lot better with this pattern. Maybe these will not be the only pair I make? 
mars 12th, 2008
Bea presenterte ei utfordring, og eg gjer eit forsøk!
- Eg er fødd i 1977
- Budde i Trondheim til eg var 10 år
- då flytta vi til Orkanger
- Difor har eg alltid problem når folk spør kvar eg kjem frå
- Men eg kjenner meg alltid heime der eg plasserer bøkene mine
- Med andre ord er bokhyller det fyrste møbelet eg set opp i ein ny heim
- Eg er fæl til å rote
- Og har vel eigentleg litt for mange ting
- Men eg synast det er triveleg slik
- Eg er stort sett fornøgd med korleis eg har det
- Men ser rom for forbetring likevel
- Eg er glad i høgtider
- Og gler meg til å pynte til påske
- Arbeider som sjukepleiar
- I turnus med arbeid dag, kveld og kvar tredje helg
- Har gått mykje skule
- men vart førebels ferdig 31. mai i fjor
- Og byrja arbeida 4. juni
- Frå fyrste januar i år vart vikariatet mitt gjort om til fast stilling
- Det gjer at eg kjenner meg trygg
- Eg er generelt alltid litt skeptisk til nye ting
- men eg våger prøva sjølv om eg i utgangspunktet er negativ
- Og veldig ofte vert eg positivt overraska
- Eg har to ungar
- og sambuaren min har tre
- Heilt sidan dotter mi vart fødd, har eg ønska meg ein stor familie
- Men no trur eg vi har ungar nok!
- “Minstemann” vert skulegut til hausten
- Jentungen vart nyttårsbarnet i Trøndeleg
- Og guten er fødd 31. desember
- Eg arbeider ikkje i den kommunen eg bur
- Men har berre i underkant av to mils arbeidsveg
- Det gjer at eg får tenkt ein heil masse
- Eg tenkjer veldig godt når eg køyrer bil
- Eg har ein Chrysler Voyager
- og har nesten gjort meg avhengig av automatgir
- Eg har alltid likt katter betre enn hundar
- men med sambuaren følgde elghunden Reico
- som eg har vorte veldig glad i.
- Eg pratar mykje
- men likar ikkje spesielt godt å stå framom forsamlingar
- likevel har eg ein tendens til å hamna i slike situasjonar.
- Eg er tolmodig når det krevst av meg
- men kan bli veldig sint dersom noko er urettvist.
- Eg har sterke meiningar
- men fornuft nok til å endra standpunkt viss det er naudsynt.
- Eg tek gjerne ein frisk diskusjon
- men får ikkje sove dersom eg ikkje har “rydda opp” i ein krangel.
- Eg har ikkje vore borte frå arbeid på grunn av sjukdom enno
- og kjenner meg veldig heldig som har god helse.
- Det einaste som er plagsamt er at eg har migrene
- men eg har endeleg funne ein medisin som fungerer for meg.
- Mamman min døydde 6. januar i fjor
- eg tenkjer på ho kvar dag
- og tek vare på dei gode minna.
- Eg har lett for å flira
- men tek lett til tårer når eg er glad eller rørt.
- Når eg er lei meg, vil eg helst ikkje at nokon skal sjå meg!
- Eg er psykisk sterk
- og flink til å ta livet som det kjem.
- For litt over eitt år sidan byrja eg å strikke
- og det ser ikkje ut til at eg greier å slutte med det fyrste.
- Når eg slapper av vil eg sjå TV
- eller lese bøker
- eller surfe på nett.
- Eg abonnerer på Familien
- og er medlem i tre bokklubbar.
- Er periodebrukar av biblioteket
- men leverer ofte bøkene (alt) for seint
- og må betale straffegebyr.
- Eg likar å handla på nett
- og er ikkje spesielt glad i å gå i butikkar.
- Eg kjøper det fleste klesplagga mine på salg
- og er ikkje spesielt flink til å plukka ut ting som passar til det eg allereie har i skapet.
- Difor har eg eit overfylt klesskap
- men ingenting å ha på meg.
- Går veldig ofte med dongeribukse
- men drøymer om å vere meir sofistikert.
- Ser opp til menneske som har ein gjennomførd klesstil
- eller ein stilrein heim.
- Eg har mykje unyttig kunnskap
- men òg mykje nyttig
- om veldig mange ting.
- Eg lærer raskt songtekstar
- og dikt viss det er på rim.
- Eg har ein brukbar songstemme
- og syng mykje med brukarane på sjukeheimen der eg arbeider.
- Det er viktig for meg å ikkje vere uvener med folk eg omgås
- men ikkje så viktig at eg gjer kva som helst for husfreda.
- Når eg meiner noko er viktig, kan eg gå gjennom eld og vatn for saka.
- Eg har nettopp bytta fagforeining
- så eg er medlem i Fagforbundet
- og meiner det er viktig å utjamna skilnadene i løn mellom menn og kvinner
- og at vi må arbeida for at AFP-ordninga vert like god i framtida som i dag.
- Eg er deltidsarbeidande
- og ynskjer meg ikkje full stilling enno
- men eg vil ha slutt på ufrivillig deltid.
- Eg er spent på framtida
- og fornøgd med livet fram til no.
- Og glad for at eg kom til 100 til slutt. Det vart ei veldig lang liste!
Tar du utfordringa?
mars 10th, 2008
Bulleråsrennet går frå Henningvola i Steinkjer kommune til Leksdal i Verdal kommune og er 26 km langt. I år gjekk rennet av stabelen 9. mars, og det var over 500 deltakarar, og mellom dei var familien min!
Tor Inge har gått løpet 11 gonger tidlegare, og Linn-Therese og Thomas har gått tre gonger før, men for Hulda var det fyrste gong. Mor (altså eg) var i utgangspunktet negativ til at jentungen skulle legge ut på dette, for det har vore minimalt med ski-trening denne vinteren. Dei fire fyrste kilometrane er bratte oppoverbakkar, og det hadde vel iallfall vore nok til å ta “nuven” av meg …
Dei var litt nervøse og veldig glade og spente før start alle fire:



Thomas kom fyrst i mål av dei fire. Han kom faktisk før eg fekk somla meg opp på skistadion for å sjå at han gjekk inn …
Neste deltakar av “mine” var Linn-Therese:

Og til sist, Hulda med Tor Inge i hælane:

Like framom målstreken:

Alle fire var fornøgde og seier dei skal gå neste år òg, og Hulda var rimeleg stolt over å prova at mamma er ei pyse. 
(Eg er forresten veldig stolt over å ha ei dotter som er både flinkare til og meir interessert i å gå på ski enn det eg er!)
mars 7th, 2008
Dersom du har lyst til å lese nokre gode blogginnlegg i laupet av helga, kan eg tilrå desse i fyrste omgong:
Hjorten skriv om kriminalitet i Noreg og Utlandet, og Betty har ei ganske så fornøyeleg historie om ein cowboy.
Sjølv skal eg halda fram med selbusokkane og kosa meg i frihelga mi.
God helg!