Retrett
Heile mitt (vaksne) liv har eg hatt ein aversjon mot Husfliden. Dei butikkane eg har vore innom (kan henda ikkje så mange, men …) har stort sett vore skuffande med tanke på tenesteytinga frå dei som arbeider der. Det har faktisk vore så ille, at eg (bortimot) har slutta å gå inn på desse butikkane. Men no er eg nøydd til å ete i meg nokre av desse orda, for det gjeld heldigvis ikkje alle Husfliden-butikkar.
Måndag hadde eg ein heil time til gode medan eg venta på legetime, og i mangel av noko å finna på, gjekk eg innom Husfliden i Levanger for å smugkikka på mellom anna selbustrikk, og dei tok knekken på aversjonen min!
Butikkdama der inne var eit unikum! Vi prata og kikka, såg i bøker og hefter. Eg hadde det så hyggeleg at den lange ventetida faktisk verka alt for kort! Og det aller beste var at trass i at eg ikkje kjøpte noko (det var dagen før lønning) fekk eg ikkje dårleg samvit. Takk til butikkdama som gjorde dagen så bra og retta opp eit dårleg inntrykk!
February 13th, 2008 at 9:41 pm
haha ME TOO!!! får helt sånn blæææææ bare av tanken! men kanskje det er verd et forsøk til..? Husfliden i Oslo prøvde jeg å frekventere en gang eller to, og det var seriøst en gang eller to for mye..
February 13th, 2008 at 11:28 pm
Må bare få skryte litt av Husfliden i Bodø, stor butikk med mange hyggelige ansatte som står på pinne!