januar 17th, 2008
Eg sit og ser igjennom dei ulike søkeorda folk har nytta når dei har funne sida min, og her kan ein til dømes utan tvil sjå kva for tid på året det er, utan å sjekke kalenderen. Det søkeordet som toppa lista i desember til dømes, var adventsdikt. Med dette søkeordet kjem denne sida opp på fjerdeplass. Dette gjer naturleg nok at eg tenkjer og undrar meg litt over kor mange som fekk glede av mamma sitt flotte dikt i adventstida? Fekk nokon kan henda diktet i eit brev før jul? Det får eg nok aldri vita. Eg håpar berre at namnet til forfattaren i så fall vart nemnt, og det kan henda det vart, for i januar er det 13 treff på søk etter “Hjørdis dikt” …
Elles kjem strikking høgt opp på lista i det nye året, og det same gjer Arnhild Lauveng. Eg har stor forståing for begge desse søkeorda, ikkje minst søk etter Lauveng, for ho er ei dame som verkeleg er verdt både å høyra og lesa!
Litt mindre forståing har eg forresten for denne søkestrengen: “laget en bamse med tastaturet, men eg må innrømma at eg gjerne skulle vita kva dei eigentleg leita etter. 
januar 15th, 2008
“Migrene er en form for hodepine som har fulgt menneskene gjennom alle tider, og som er beskrevet i ord og bilder fra tusenvis av år tilbake. Lider du av migrene er du i godt selskap. Både Leo Tolstoj, Sigmund Freud og Virginia Woolf hadde invalidiserende migrene.” (www.helsenytt.no)

Med andre ord; ein invalidiserande sjukdom for oss geni … Diverre kjenner ein seg ikkje nett som eit geni når ein trampar trynet ned i puta og ikkje er heilt sikker på om ein vil leva eller døy. Og som ved alle andre migreneanfall lover eg meg sjølv at eg skal tinga ny time til legen og finna eit betre medikament som kan hjelpa meg. Og dagen etter migreneanfallet, er lovnaden gløymd att. Det medikamentet eg har fungerer jo etter kvart, iallfall viss eg ikkje kastar opp. Og vanlegvis får eg migrene på fridagane mine, så det går jo ikkje ut over jobben. Men skal eg verkeleg øydelegge mi eiga fritid ved å ligge i eit mørkt og stille rom og isolere seg frå omverda? Trur ikkje det! *Ta seg sjølv hardt i nakken* …
januar 10th, 2008
Lasse har publisert eit innlegg der han spekulerer på om vi i Noreg eigentleg ikkje vil ha jul. Bakgrunnen for dette er at han synast mange kastar ut jula (og skryt av det i bloggane sine) tidlegare og tidlegare for kvart år. Om eg kjenner meg treft av innlegget? Definitivt! Eg kasta jo ut juletreet allereie 2. januar(tidlegare enn eg vanlegvis gjer på grunn av at det dryssa mykje), og resten av julepynten den sjette.
Er det då slik at eg ikkje vil ha jul? Slett ikkje! Eg elskar julehøgtida, med vekt på nettopp høgtida. Når høgtidsdagane er over, og andre òg har byrja på arbeid og skule att (sjølv arbeidde eg jo både julaftan og i mellomjula), kjenner eg meg ferdig med jula. Då er det godt å “få lov” til å pakka ned det gamle og ta fram andre ting. Kanhenda har det òg ein samanheng med at eit nytt år har byrja, og at det då er litt godt å “byrja på nytt”? Det tyder nemleg ikkje at det er slutt på familiekos og trivsel, det finn framleis stad hjå oss sjølv utan julepynt!
Når ungane har knust pepparkakehuset og vi har feira dei to bursdagane med familien, er jula for min del over. Då ryddar og vaskar eg, og koser meg med kjensla av å starta på eit nytt år med blanke ark.
For dei som framleis feirar jul; framleis god jul, og til dei som har rydda vekk julepynten; kos dykk i “nytt” hus! 
januar 9th, 2008
Eg driv for tida og strikkar strømper som Even skal ha til bunaden sin til våren (han skal ha same bunad som i fjor, men guten er jo lenger i år …). Men det går sååå seint! Fyrste gong eg strikkar noko som liknar flettemønster, så oppmuntrande kommentarar vert teke godt i mot!

Garn og mønster fekk eg frå Anemor i Hemmeleg Ven-gåve før jul. Takk og takk!

januar 8th, 2008
På søndag pakka eg ned all julepynt og dukar og tørka støv og vaska godt. Det kjennast herleg! Merkeleg dette med at det er så godt å pakka ut julepynten, men (minst) like godt å pakka den bort òg?
Problemet var at det vart i overkant minimalistisk etterpå:

Den lekre duken er det stemora mi som har hekla (inga ond stemor her, med andre ord, berre ei veldig flittig ei), og dekorasjonen er rett og slett potpurri frå Ikea i ei glas-skål.
Iallfall; for å bøte på kjensla av at det vart tomt, var eg i dag på plantehandletur!
Eg kom heim att med 5 plantar;

Ein gerbera, to primula og ein slags peperomia, samt enno ein grøn-plante eg ikkje hugsar namnet på.
Gerberaen fekk plass på det minimalistiske bordet, og no er det meir heimleg her:

No vart det (nok ein gong) eit godt hus å vere i!
På det nedste biletet visast duken ganske godt. Flott, ikkje sant? 
januar 5th, 2008
Ellen har sørga for årets fyrste tag …
Kan.
Berre.
Skriva.
EITT.
Ord.
Her er mine svar:
- Hvor er mobilen din? Veska
- Skildre kjæresten din? God!
- Håret ditt? Nyklippa
- Moren din? Sakn!
- Faren din? Trondheim
- Hva er favorittingen din? Leseleg
- Hva drømte du om i natt? Gløymd
- Hva drikker du helst? Julebrus

- Drømmebilen? Buss!
- Hvilket rom er du i nå? Stua
- Eks’en din? Barnefar
- Din største skrekk? Brann
- Hva vil du være om ti år? 40
- Hvem var du sammen med i går kveld? Kjærasten
- Hva er du ikke? Dum
- Det siste du gjorde? Helgahandling
- Hva har du på deg? Ulljakke
- Favorittboka di? Lommelegen
- Det siste du spiste? Jordbærsyltetøyskive
- Livet ditt? Godt
- Humøret ditt? Fornøgd
- Dine beste venner? Få
- Hva tenker du på akkurat nå? Bursdagshenting
- Bilen din? Voyager
- Hva gjør du akkurat nå? Dette
- Sommeren din? Kald
- Sivilstatus? Sambuar
- Hva er på tv-en din akkurat nå? Ski
- Når lo du sist? I går
- Når gråt du sist? I fjor
- Skole? Ferdig
Eg sender pinnen vidare til Kristindama, Petunia, Hege og Betty42
januar 2nd, 2008
… takk og farvel! Berre to dagar inn i det nye året fekk juletreet “reisepass”. Barnålene ramla av berre vi såg hardt på treet, og det tok utruleg stor plass i stova, så i dag hekta vi av pynten og heiv det ut. Og du milde, det gjorde godt! No kan eg kosa meg ei stund med resten av julepynten.
januar 1st, 2008
I dag er det 9 år sidan eg vart mamma for fyrste gong, og underet mitt er denne dama her, i full gang med pakkeåpning:

Gratulerer med 9-årsdagen, store, vesle jenta mi!