I går var den store sendedagen for oss som må sende gåver rundt i landet. Men kva gjer du når du får så mykje tomrom i eska som dette:
Jo, du prisar deg lykkeleg for at mottakarane har sagt at dei gjerne vil arve kle, og fyller opp tomrommet med noko av dette:
Håpar mottakarane ikkje synast det er for mykje styr å motta slikt midt i julestria.
Hemmeleg ven-gåve vart òg sendt i går. Gler meg til å sjå kva min hemmelege ven synast om pakka ho får!