I barnehagen til Even har dei pepparkake-kalender. I fjor gjekk det så vidt eg hugsar ganske langt ut i desember før Even fekk kake, men i år vart det rettare. Då eg henta han i dag, viste han stolt fram denne pepparkakemannen! Det einaste som fekk han frå å ete den opp på heimturen, var at eg skulle ta bilete, men som de ser var det vanskeleg å halda fingrane unna sjølv den korte stunda. Eg og Hulda fekk og smaka, og på kjøkkenet ligg det to små bitar som skulle vere til Tor Inge når han kjem frå arbeid i kveld.
Forresten: Eg set stor pris på kommentarar frå alle som er innom, og må innrømma at eg er litt fornærma over gjengen på Lovund som har vore innom seinast i dag utan nokon gong å leggje att kommentar. Eg ser dykk nok! Hah!!