I dag har vi vore i Sakshaug kyrkje til allehelgensmesse. Då vert namnet til alle som er gravlagte i sognet siste år lese opp, og det var difor vi var der i dag, for å minnast mamma.

Det var mange menneske i kyrkja, og det vart ei ganske fin stund. Hulda vart med på søndagsskulen, og proklamerte at ho skulle attende iallfall, så det vert vel fleire gudstenester på oss. :)

Etter gudsteneste og kyrkjekaffi, var me på grava til mamma. Oddvar hadde pynta så vakkert der, og Hulda tente eit ljos for mormor.

Etterpå var me på Sandvollan der Oddvar serverte oss årets fyrste ribbe. Det smakte fantastisk, og svoren var sprø og fin! Alt i alt vart det ein god søndag som gjev kraft til ei ny arbeidsveke for både store og små.

This entry was posted on søndag, november 4th, 2007 at 8:15 pm and is filed under bloggings. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.

3 Responses to “Allehelgensmesse”

Betty Boom Says:

Er med dere i sorgen.

Betty

hulda Says:

jeg var på søndags-skolen det var gøy

Tankar ved eit tastatur » Årskavalkade 2007 Says:

[...] Alltid ein litt vond månad. Allehelgensmessa gjorde både vondt og godt. Og 11. november, som er bursdagen til Ravn og Brage, er kvart år ein [...]

Leave a Reply

XHTML: You can use these tags: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Bilete

    www.flickr.com
    This is a Flickr badge showing items in a set called Finished knitting-projects. Make your own badge here.
  • Merkelapper