I dag tok gubben med seg sekken, soveposen, teltet og bikkja og drog på fjellet på rypejakt. Og eg skal vere att heime. Han gav meg (snill som han er …) tilbod om å vere med, men eg greidde å takka nei, gitt.
Kva eg skal finna på? Tja, eg har enno ikkje kome ut av morgonkåpa, så eg vil tru det neste på programmet er eit bad. Etter det har eg ingen andre planar enn kos og avslapping i einsam majestet. Høyrast ikkje det godt ut kanskje?
Ha ei flott helg, alle saman!