Frå å berre vere jaktenke vart eg brått “den glade jaktenke”. Coop-butikken hadde 25% på mellom anna Smart og Fritidsgarn, og i tillegg har eg handla meg litt å kosa meg med i helga. Berre sjå:
Sjokoladen og potetgullet vart ikkje med på biletet då. Treng ikkje å dokumentere alt for ettertida heller!
Snart skal eg krypa opp i sofakroken og bli der resten av dagen. Ute er det berre grisever likevel, og det gjer det jo ekstra godt å vere inne.