Dokke-bukse
Då Even skulle til pappaen sin på sundag, kom han plutseleg dregande med ei dokke. Dokka var ein BabyBorn-kopi som Hulda hadde fått for om lag seks år sidan, men då ho fekk ekte BabyBorn, let ho veslebror overta dokka.
Stort sett har Even leika med dokke i lag med systera, og ikkje åleine, men no fortalde han at “ungen hans” skulle vere med til pappa. Eg spurde kva for namn ungen hadde, og fekk svar umiddelbart; “Han heite Tor!”. Tor hadde berre på seg ein genser, så vi måtte leite bukse til han, men i og med at det stort sett har vore jentedokker i huset, såg han ganske feminin ut i lakseraud bukse … Difor sette eg meg med i går, med trysilgarn på pinne nr 5 ogei oppskrift frå Familien, og resultatet ser de på biletet (Modell for buksa er Hulda si BabyBorn).
Prata med Even i telefonen i dag og lovde at eg skulle sende buksa i posten, så den ligg no i ein konvolutt på kjøkkenbordet og ventar. Håpar han vert glad for pakke i posten!
Tags: strikking
August 1st, 2007 at 12:17 pm
Det blir sikkert ein glad gut som får pakke i posten. buksa blei fin den.
August 1st, 2007 at 1:27 pm
Han blir sikkert kjempe glad! Flott bukse:) Maskulin;)
August 2nd, 2007 at 1:30 pm
Jeg kjenner meg så godt igjen i mye av det du skriver! Det er bare et par uker siden jeg sendte dukkesokker til min egen feriejentes “Thomas”.
August 2nd, 2007 at 1:46 pm
Her leker minstemann også med dukker, både alene og (helst) sammen med storesøster. Kjekt med litt gutteklær, har tenkt tanken selv
Fortsatt god sommer!